Dans i gymsalen
Dans på timeplanen i ein gymtime i 1946. Sirkeldans var og er ein klassikar.
Foto: Sam Hood
Sport før og no
Sport før og no
Nokre venner av meg gjekk på kristen internatskule, der dans var teke ut av timeplanen. Kva dei gjorde på rommet sitt, var det ingen som kunne kontrollere, men i kroppsøvinga hoppa lærarane glatt over dei rytmiske rørslene. Dette var på slutten av 1990-talet, då læreplanen inkluderte fleire punkt om dans, blant anna skulle elevane «kunne danse et lite utvalg av danser eller danseelementer fra nasjonal dansearv» og «bruke sine kreative evner til å skape sine egne kombinasjoner av danseelementer».
Sjølv om enkelte var misunnelege på dei som slapp å pine seg gjennom jenka og irsk jig, undra andre seg over at undervisninga kunne vere så ulik frå éin skule til ein annan. Rykta sa at det handla om arv. Det var konservative eldre som testamenterte pengane sine til den private skulen. Pengane var til ei god sak, ikkje til dans.
Studiar viser at kroppsøvingslærarane lettare underviser i det dei kjenner seg trygge i, og dans kjennest på langt nær trygt for alle.
Foto: Muhammed Amine Benloulou / Wikipedia
I 2011 dukka det opp ei sak i Dagbladet om ein kristen friskule på Herøy som ikkje lét elevane utføre pardans på skuleballet. Rektoren presiserte at dei ikkje såg på dans som synd, derimot ei naturleg gudegåve. Pardans fall berre ikkje naturleg for elevane hans og kunne i tillegg verke ekskluderande.
Sjølv om eit skuleball ikkje direkte tek utgangspunkt i kompetansemåla, er det elles greitt å ha ein læreplan å halde seg til. I 2023 skal ein elev etter 10. trinn kunne «øve på og gjennomføre danseaktiviteter fra ungdomskulturer og andre kulturer, og sammen med medelever skape og presentere dansekomposisjoner» – eit bod dei fleste kroppsøvingslærarar no prøver å halde, enkelte meir forknytte enn andre.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.