Dame- og herregym
Det er vanlegast å sjå kvinner på ellipsemaskin og menn i styrkekroken.
t.v. Er du typen som får litt panikk av testohjørnet på treningssenteret? (Foto: James Steakley). t.h. Kvinnestemning på treningsstudio i 1953 i Los Angeles. (Foto: Los Angeles Daily News)
Sport før og no
Sport før og no
Sports Club Sarpsborg Helsesenter starta opp i 1981 og skal vere det eldste treningssenteret i Noreg. Det fanst stadar å trene før den tid, men då mindre treningsrom fulle av testo og anabole steroid. Sidan det ikkje var vanleg at kvinner trena i studio, hadde klubben i Sarpsborg eigne dame- og herredagar, og etter kvart vart kjønna fordelte i kvar sin etasje. Ifølgje heimesida deira førte kjønnsdelinga til at folk lest som dei gjekk feil både i etasjar og i garderobar for å smugkikke.
Sjølv om damer og herrar no stort sett kan trene om kvarandre, finst det ennå kjønnskutyme på mange treningsstudio. Det er til dømes vanlegast å sjå kvinner på ellipsemaskin og menn i styrkekroken. På treningstimar som yoga, step og dans er det òg mest damer å sjå, mens det i spinning og kampsport kan vere motsett.
Fitness24seven og eit par andre senter skil seg ut og har valt å ha eigne avdelingar for jenter. Dei skriv at alle skal kjenne seg komfortable mens dei trenar. At senteret er døgnope og ikkje alltid bemanna, har nok noko med saka å gjere.
Med det er me faktisk tekne tilbake i tid. Det kan vel ikkje sjåast på som ein menneskeleg siger at kvinner og menn har problem med å trene saman, uansett grunn. På same tid har nok mange kjent seg litt usikre idet dei entrar testohjørnet for å hente eit par sjukilosmanualar – utan at dette må ha noko å gjere med kva kjønn dei er.
Viss det å skilje kjønn gjer at fleire kjenner seg trygge og kjem seg på trening, har det noko for seg. Det gjeld berre å ikkje skape ein så stor av avstand at det heile vert for spanande og folk byrjar å gå «feil» igjen.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sports Club Sarpsborg Helsesenter starta opp i 1981 og skal vere det eldste treningssenteret i Noreg. Det fanst stadar å trene før den tid, men då mindre treningsrom fulle av testo og anabole steroid. Sidan det ikkje var vanleg at kvinner trena i studio, hadde klubben i Sarpsborg eigne dame- og herredagar, og etter kvart vart kjønna fordelte i kvar sin etasje. Ifølgje heimesida deira førte kjønnsdelinga til at folk lest som dei gjekk feil både i etasjar og i garderobar for å smugkikke.
Sjølv om damer og herrar no stort sett kan trene om kvarandre, finst det ennå kjønnskutyme på mange treningsstudio. Det er til dømes vanlegast å sjå kvinner på ellipsemaskin og menn i styrkekroken. På treningstimar som yoga, step og dans er det òg mest damer å sjå, mens det i spinning og kampsport kan vere motsett.
Fitness24seven og eit par andre senter skil seg ut og har valt å ha eigne avdelingar for jenter. Dei skriv at alle skal kjenne seg komfortable mens dei trenar. At senteret er døgnope og ikkje alltid bemanna, har nok noko med saka å gjere.
Med det er me faktisk tekne tilbake i tid. Det kan vel ikkje sjåast på som ein menneskeleg siger at kvinner og menn har problem med å trene saman, uansett grunn. På same tid har nok mange kjent seg litt usikre idet dei entrar testohjørnet for å hente eit par sjukilosmanualar – utan at dette må ha noko å gjere med kva kjønn dei er.
Viss det å skilje kjønn gjer at fleire kjenner seg trygge og kjem seg på trening, har det noko for seg. Det gjeld berre å ikkje skape ein så stor av avstand at det heile vert for spanande og folk byrjar å gå «feil» igjen.
Maren Bø
Maren Bø er idrettspedagog og frilansskribent.
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.