Bikram eller ...?
Slik såg Bikram’s Yoga College of India i Los Angeles ut i 2008.
Minnaert / Wikimedia commons
Sport før og no
Fleire fekk med seg dokumentaren om yogaguruen Bikram Choudhury på Netflix i 2019. Choudhury utvikla ein type varmeyoga som han kalla opp etter seg sjølv: bikram. Det viser seg at Bikram også er ein overgripar, og over 77 kvinner har meldt han. Slik stoda er no, er det ein arrestordre på Bikram i USA, og han har reist frå store rekningar og er på flukt.
I 2006 var det 1650 bikramyogastudio i verda. Etter at sanninga om Bikram Choudhury kom fram i 2019, har mange av desse naturleg nok endra namn til hot yoga og liknande. Men berre i Noreg kan ein ennå passere skilt der det blir reklamert for bikramyoga.
Choudhury vann ikkje fram i retten då han i 2011 saksøkte eit konkurrerande yogastudio for å undervise i bikramyoga. Bikram er ikkje eit beskytta omgrep. Ein kan difor kalle denne typen yoga for noko heilt anna, om ein vil.
På nettsidene har dei store yogastadene skrive lange tekstar om kvifor dei har valt å halde fram med å kalle seg bikramstudio. Det som går igjen, er at å byte namn kan føre til utvatning og modifisering av sekvensane.
No ser det ikkje ut til å vere mykje liv igjen i Bikram’s Yoga College.
Skjermdump frå Google Maps
Bikramyoga består av 26 faste positurar. Timen varer i 90 minutt, salen skal vere 41 grader varm og ha ei luftfukt på 40 prosent. I hot yoga, til dømes, kan programmet vere meir variert, og difor blir ikkje dette omgrepet presist nok.
Eitt yogastudio meiner også at eit namnebyte ikkje har noko å seie med tanke på kvinnene, det blir for enkelt. Det er ein del av historia, som skal vere transparent. Nokre peiker også på at merkevara bikram er større enn dei negative assosiasjonane. Pengar speler alltid inn.
«It’s not a dirty word, it’s just a dirty man,» seier yogalærar Gary Olson på YouTube. Det kan nok likevel hende at dei 77 kvinnene hadde vore ueinige her.
Maren Bø
Maren Bø er frilansskribent og idrettspedagog.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.