Sport

32 års intervall

17 år gamle Jake Daniels på Blackpool FC kan ha opna fleire dører.
17 år gamle Jake Daniels på Blackpool FC kan ha opna fleire dører.
Publisert Sist oppdatert

Den engelske fotballproffen Justin Fashanu var banebrytande på to område: Han var open homofil, og han var den dyraste svarte spelaren som nokon gong var seld. Året var 1981, og Nottingham Forest måtte ut med ein million pund.

Før Fashanu sa offentleg at han var homofil, i 1990, levde han eit dobbeltliv og gjekk på homobarar i smug. Då manageren, Brian Clough, fann ut av dette, vart Fashanu stengd ute frå treningar og seld billig til Notts County FC. Han vart vidare hetsa av motstandane, og karrieren gjekk feil veg.

Siste jobben til Fashanu var som spelande trenar i USA for Miramar Rangers. I 1998 vart han skulda for valdtekt og tok sitt eige liv før rettssaka tok til. I sjølvmordsbrevet skreiv Fashanu at han var uskyldig, men alt kjende seg dømd.

Heile 32 år skulle det gå før den neste engelske toppspelaren skulle stå fram: 17 år gamle Jake Daniels på Blackpool FC. I motsetning til Fashanu fortel Daniels til media at han vart hylla av fans og lagkameratar.

Intervallet frå Fashanu til Daniels seier oss at verdas største sport er altfor dårleg på mangfald. Ifølgje Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet var det i 2017 over 9 prosent av befolkninga som kjende seg tiltrekt av same kjønn. Ein kan spekulere i kvifor fotballen ikkje speglar resten av samfunnet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement