Kunnskap
Spøkelsesfiske
Det er vanskeleg å tru at eit fenomen som spøkelsesfiske og dyretragediane det fører med seg, hadde vore akseptert på landjorda.
Eigarlause garn og anna fiskeutstyr som ikkje blir røkta eller teke opp, fører til store lidingar for fisk og andre dyr i havet.
Foto: Dimitris Poursanidis / GRID-Arendal
Eg skjønte det var noko gale då blåsa med iletauet var søkk borte. For å få opp krabbeteinene eg hadde sett dagen før, måtte eg bort til skjeret der landtauet var festa, og starte draginga der. Men eg kom berre halvveges før det heile stod bom fast. Dei siste teinene på rekka hadde kanskje sklidd utfor ein skrent og kilt seg fast der nede i djupet. Skrekkbilete av mine spøkelsesteiner, fylte med halvdaude og daude fisk og krabber, flimra for auga, og eg kjente meg som ein tankelaus skurk.
Fiskeutstyr som blir ståande i sjøen, er ikkje berre eit problem for hobbykrabbefiskarar. Linefiskar William Sem Fure skreiv i Dag og Tid 23. februar om korleis spanske fiskarar har fått skatteavdrag ved kjøp av nytt utstyr, og difor har funne det enklast å dumpe gamalt utstyr på havet i staden for å bøte eller ta det heim til gjenbruk.
Her heime gav tingretten i Tromsø nyleg dom i ei sak om såkalla spøkelsesfiske, der torskegarn hadde blitt ståande i fleire månader utan tilsyn. I haustingsforskrifta (2022) er det generelle kravet at fiskeutstyr skal røktast minst ein gong i veka, medan garn til fiske etter torsk, hyse og sei skal røktast dagleg. Økokrim tok saka til retten, og å la garn stå utan tilsyn i sjøen blei no, for første gong i norsk rettshistorie, dømt som eit brot både på haustingsforskrifta og lova om dyrevelferd.
Ein vond sirkel
Mitt krabbefiskeproblem og akutte samvitsnag blei løyst ved at eg fekk draghjelp av ein kamerat med litt større båt. Men store mengder fiskeutstyr blir tapt på havet kvart år. Her i Noreg har Fiskeridirektoratet årvisse tokt for å samle opp slike fiskereiskapar, og berre i 2023 sanka dei inn 1339 garn, 42 km line, 229 teiner og store mengder med tau. Blåkveitegarn som står på store djup, gjerne kring 1000 meter, kan bli ståande lenge i sjøen og er dei garna som fangar og drep mest fisk og krabbe. Sel og niser dykkar ikkje så djupt og går seg oftare fast i garn for torsk eller breiflabb.
Problema er naturlegvis størst i spøkelsesgarn og teiner som blir ståande utan røkting, og som held fram med å fange fisk. Denne fisken er eit freistande matfat for rovdyr og åtseletarar, som også kan setje seg fast i jakta på lettvint føde. Det heile blir ein vond sirkel der nede i djupet. Europeiske studiar har vist at spøkelsesgarn kan fange fisk effektivt i eit halvt til eitt år før dei søkk eller flokar seg saman. Men garn, liner og tau kan i lang tid halde fram med å vere farlege for større fisk eller sjøpattedyr, som kan vikle seg fast og bli skada eller døy. Vi har enno ein lang veg å gå for å sikre eit trygt levemiljø og god velferd for dyrelivet i havet. Det er vanskeleg å tru at eit fenomen som spøkelsesfiske og dyretragediane det fører med seg, hadde vore akseptert på landjorda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.