JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Spelemann på Øygarden

I eit tun med ti gamle hus – åtte av dei freda av Riksantikvaren i 1969 – vaks han opp, hardingfelespelaren Lars Erik Skjøtskift Øygarden. Her har han tenkt å bli verande. Ein god del arbeid med vøling av arven frå fortida ventar på han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det freda rekkjetunet på Sud-Øygarden. Frå venstre i nedre rekkja: fjøsen, løa, buret og loftet. I øvre rekkja: stallen (med bordtak), sauehuset, eldhuset og stova.

Alle foto: Erik Solheim

6262
20190719

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Sud-Øygarden kallar dei gardsbruket. Tunet ligg høgt og fritt over enden av Lognvikvatnet, ei lita mil aust for tettstaden Rauland. 760 meter er det ned til havnivået. Ikkje før slutten av mai kunne dei tidlegare vente grønskjær av våren. Men slekta har klart seg her sidan 1700-talet, kanskje før, neppe utan strev. No ser vinteren ut til å gje seg tidlegare.

Eldst er huset som Lars Erik bur i. Det vart reist som årestove, truleg på 1600-talet, og i 1840 utvida med ei høgd over den treroms bygningen. Å byggje loft over stova er i tråd med skikken både i Vest-Telemark og elles i landet. Då dei fekk peis eller jarnomn, og skorstein, måtte det ikkje lenger vere fri veg til ljoren for å få ut røyken. Eit lafta hus er lett å gjere høgre. Dei tok av taket, la inn bjelkar på tvers til loftsgolvet og heldt fram med fleire lafta omfar oppover. Så kunne dei setje opp att sperrene og troet, eller legge nye, lyse bord i staden for dei sotsvarte. Den tidlegare årestova har to rom i tillegg, gang og kove. Ho er møblert med langbord, benker, senger og skåp i tillegg til peisen.

Eit staseleg loft kom opp i 1777, medan svala har ein rosett med årstalet 1791 og sikkert er noko yngre enn den lafta kassen innanfor. Alderen på husa er det Lars Erik som fortel. Dei dekorerte plankane på sida av døra nede og opningane oppe kom så seint som i 1960-åra, skorne av bestefar til Lars Erik og hans bror. Dei kopierte nøye eit tilsvarande mønster på ein av grannegardane. I loftet står framleis ei seng og anna utstyr som fortel at andre høgda var både eit staseleg gjesterom og ein stad for å ta vare på verdfulle saker. I første høgda lagra dei mat.

Oppe frå bakken

Loftet har ikkje berre rike utskjeringar som trekkjer augo til seg; sjølve forma løfter det over dei andre husa. For det første står huset oppe frå bakken, på stolpar som grip om ei grime av høge, trapesforma stokkar. Halvklovningar – delane av ein kløyvd rundstokk – kviler på stolpane. Oppå dei er det lafta ein enkel om lag kvadratisk kasse i to høgder. Sperrer ber taket, med hjelp av ein ås, ein bjørnerygg, på kvar side. Dette er som i andre bygningar.

Mot tunet har dei så gjort huset lenger, med ei sval, ved å la laftestokken under andre høgda gå fram på ein kraftig profilert stav med grima nede som fundament. Mellom laftet, hjørnestolpen og inngangsdøra er det kledning av ståande tiljer, kant i kant i ei grøyp, ei not i stokken over og under. I andre høgda vert det meir spenstig. Dei grove hjørnestolpane ser ut til å mangle eit solid nok underlag. Ser vi nærare etter, oppdagar vi at svalene rundt heile huset kviler på utstikkande veggstokkar i laftekassen. Dei liggande delane under tiljeveggene møtest under hjørnesøyla. I balansegang mellom det som er sterkt nok, og det som er smekkert og vakkert, har snikkarane oppnådd begge delar. Frå bursvala nede går det trapp til loftssvala. Over inngangsdøra er det, som vanleg i Vest-Telemark, eit felt i veggen med utskjeringar og tre rundboga gluggar som slepper lys inn. Det lafta rommet innanfor er utan vindauge.

Ved sida av loftet står eit bur – eit reint matlager – i éi høgd. Alderen er ukjend, men truleg er det frå 1800-talet. Då vart også løa bygd, og fjøset for kyr i 1841, eit dyrerom med gjødselkjellar under. Tidlegare var det vanleg at dei kasta gjødsla ut i friluft gjennom ein opning i veggen. Gjødselkjellar under tak tek betre vare på næringa som dyra lèt frå seg. Møka var det dei hadde å gjødsle med.

Nye stokkar

Stallen er frå 1700-talet og sauegarden – sauefjøset – kom truleg opp i 1783. Huset var i dårleg forfatning for nokre år sidan. No står det stramt med nye stokkar både nede og oppe i veggene, og med nytt torvtak. Det hjelper godt med slike tiltak at Riksantikvaren betaler mykje av kostnadene. Også stallen er restaurert, med nye veggstokkar og nytt tak, her av bord. Forma på huset minner om eit loft; det har to høgder, og den øvste stikk på alle kantar litt lenger ut enn rommet under. På lemmen over hesten lagra dei utvalt høy til det dyret som måtte ha styrke i bakkane. Nær stova har eldhuset, av ukjend dato, sin plass.

Foreldra til Lars Erik, Arne Øygarden og Ingrid Skjøtskift, budde her nokre år før dei i 1986 reiste den nye bustaden sin i austkanten av tunet, teikna etter godkjenning frå Riksantikvaren. Ein vårfjøs oppe ved utmarka er frå tidleg 1900-tal. No treng han snart hjelp for å klare seg.

Høylager

Løa er først og fremst høylager. På ei køyrebane på oppsida drog hesten lassa inn på eit trev, eit tregolv, i andre høgda. Herifrå kasta dei høyet ut og ned på begge sidene. Men under trevet var òg golv, tett og jamt, til å treske korn på. Det gjorde dei med tust, nokre seier sliul. Tusten er eit avlangt trestykke, festa til ei trestong. Med dette utstyret banka dei kornet laust frå aksa. Så måtte dei drøfte, skilje kornet frå agner og støv. I eit drøftetrau, det hadde såld i botnen, kasta dei kornet opp til det var reint. Arbeidet var ei heil vinne. Låven er delt i tre av to tverrvegger. Bjelkar mellom deleveggene ber trevet som dei køyrde høyet inn på. Oppe i veggene er det opningar til å lempe høyet gjennom.

Alt dette skal han altså overta, hardingfelespelaren som tevlar i A-klassen på Landskappleiken, og som har som levebrød å lære opp unge til å meistre instrumentet. Han var ikkje i tvil, men veit det kostar tid og pengar å halde tunet i stand. Også fleire jamaldrande slår seg no til i gamle tun, fortel Lars Erik. Det er på Øygarden han kjenner seg heime; der høyrer han til. Dette er hans plass på jorda, i eit distrikt med mange stader som har gjeve namn til kjende spelemenn.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I loftet står framleis ei seng og anna utstyr som fortel at andre høgda var både eit staseleg gjesterom og ein stad for å ta vare på verdfulle saker.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis