Sport

Speidaren

På 1980-talet måtte ein sende kampopptak på VHS.
På 1980-talet måtte ein sende kampopptak på VHS.
Publisert

Eg lurte nokre gonger på kvar dei var, dei som plutseleg kunne gi deg gullbilletten til profflivet i utlandet. Sat dei i busken med kikkert? Var dei på Dana og Norway cup? Eg såg dei aldri, og no er eg diverre for langt nede i divisjonane og for langt oppe i alder til å forvente ein talentspeidar i busken.

Fredrik Wisur Hansen er ein ekte talentspeidar som jobbar for Vålerenga fotball. Han kan fortelje meg at livet som speidar, eller scout, ikkje er som det ein gong var – før internett gjorde verda stor. På 1980- og 1990-talet kunne du sjå reisande managerar sitte på tribunen og nettopp speide. Scouting var lite utbreidd, både i Noreg og elles i verda. Mindre rekkevidde gjorde at ein var tvinga til å leite meir i nærområde og nedover i divisjonane. Skulle ein sende film og gjere videoanalysar, var det omfattande greier. Kampane vart spelte inn på VHS, som i seg sjølv vart ein stor business.

No er speiding stort i fotballindustrien. Hansen fortel om ein kvardag der dei på enklare måtar hentar inn statistikk og film. Han bruker mykje tid på å studere og analysere opptak. Det finst uendeleg mykje film, og ein må sjølv avgrense kor mykje ein kan sjå. Likevel er Hansen klar på at det beste inntrykket får han ved å sjå spelarane live og å snakke med dei personleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement