JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Sosiale robotar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei olympiske maskotane Miraitowa og Someity viser kva dagens sosiale robotar er i stand til å gjere, men viser òg avgrensingane.

Foto: Shugo Takemi

5418
20210806
5418
20210806

Dei olympiske leikane i Tokyo har to maskotar som heiter Miraitowa og Someity. Og sjølvsagt har japanarane laga robotversjonar av dei.

Robotane helsar utøvarane og publikum velkomne. Dei reagerer på rørsler, tale og ansiktuttrykk med sine eigne uttrykk. Til dømes kan dei vise stjerner og hjarte i auga.

Miraitowa og Someity er fyrst og fremst leikerobotar for små og store born. Men dei er og eksempel på sosiale robotar, eit felt der Japan er langt framme. Dei har til dømes tatt slike robotar i bruk i eldreomsorg, og spesielt i pleie av demente på sjukeheimar.

Sosiale robotar treng andre eigenskapar enn til dømes jordbærplukkerobotane vi har omtalt tidlegare. Industri- og landbruksrobotar effektiviserer arbeid og tek frå ein del menneske jobben, men dei skapar ikkje særleg endring i livsførselen til menneska. Ofte arbeider dei i lukka rom der det ikkje eingong er lov for menneske å vere til stades.

Sosiale robotar, derimot, er laga for å kommunisere med menneska og kan såleis samanliknast med radio, fjernsyn, mobiltelefon og sosiale medium. Slike robotar kan få stor innverknad på livsførselen vår i framtida.

Det er særleg to bruksområde som er aktuelle i fyrste omgang, nemleg leikerobotar for små barn og omsorgsrobotar for demente eldre.

Sosiale robotar fungerer ved å simulere samvere. Til dømes kan ein einsam eldre person slappe betre av og føle seg vel, eller eit lite barn kan leike med roboten når det er åleine. Roboten treng ikkje å vere særleg intelligent for å få dette til, han må berre framstå som om han er det. Vi har lett for å uttrykke kjensler overfor gjenstandar som minner oss om menneske – dette vert kalla antropomorfisme. Omgrepet stammar frå gresk ánthropos, som tyder «menneskeleg», og morphe, som tyder «form».

For å appellere må ein sosial robot må ha ein truverdig personlegdom. Han må kunne gi merksemd, uttrykke kjensler og engasjere seg i leik og narrestreker – alt på sin eigen karakteristiske måte. Personlegdomen vert vist fram gjennom rørsler, blikk og tale.

Robotens synssystem må minne om det menneske har. Roboten må kunne snu hovudet, fokusere på éin ting og så endre fokus. Eit gyroskop simulerer det indre øyret og lèt systemet oppdage sine eigne hovudrørsler, slik at auge og øyre snur seg naturleg etter hendingar, akkurat som hjå eit menneske. Folk veit instinktivt korleis dei bør samhandle med ein slik merksam robot. Vi får augekontakt, og vi hindrar augekontakt for å signalisere kven sin tur det er til å snakke. Blikkretninga fortel om roboten er klar til å snakke med deg eller ikkje. Viss han vender seg og ser på deg, er det eit signal om at interaksjonen vår kan byrje. Roboten lærer seg namnet ditt og brukar det som ein viktig del av interaksjonen.

Det må kjennast naturleg å snakke med roboten, sjølv om det er ein ganske innhaldstom samtale. Menneska kommuniserer i stor grad med stemningar, til dømes når vi «snakkar» med ein hund. Roboten har eit høyrslesystem som kjenner igjen markørar for slike stemningar, og reagerer «sosialt intelligent» på dei. Det gjeld særleg å gi godkjenning, gi forbod, be om merksemd og roe seg ned.

Det er viktig at roboten forstår kven sin tur det er til å snakke. Han må vere i stand til å ta ein pause, flytte blikket og fylle ei ubehageleg stille når partnaren ikkje seier noko. Vi kan fortelje når folk har problem eller lykkast ut frå andletsuttrykka deira. Det same må gjelde for robotar.

Det finst mange positive sider med sosiale robotar. Dei kan skape djupe emosjonelle band. Vi ynskjer å føle oss viktige for dei, og vi engasjerer oss med sterke kjensler som kjærleik, sjalusi og sorg. Det finst anekdotar om folk som held gravferd for roboten sin når han sluttar å verke.

Sosiale robotar vil på sikt kunne fungere godt i eldreomsorga, men dei er ikkje godt nok utvikla enno. Det ville bli problem om dei vart brukte på ein heim utan at pleiarar passa på. Vi kan ikkje stole på at roboten tar ansvar dersom nokon dett og vert liggande, eller handlar rett dersom nokon vert frustrert og hissar seg opp.

Kritikarar peikar på at sosiale robotar ikkje kan gje oss ekte kjensler tilbake. Sosiale robotar er designa for å engasjerte oss sosialt, ikkje til dømes med språkleg intelligens og felles oppgåveløysing. Vi knyter oss lett til teknologiar som hermar etter menneskeleg åtferd, men dei har jo ikkje ekte omsorg, dei fungerer berre ved å trykke på «darwinistiske knappar». Vi tek vare på dei vi elskar, men vi elskar også det vi tar vare på. Sosiale robotar utnyttar evna vi har til å tilskrive menneskelege eigenskapar til noko ikkje-menneskeleg, på måtar som i verste fall er kyniske.

Dei olympiske maskotane Miraitowa og Someity viser kva muligheiter dagens sosiale robotar har, men viser òg avgrensingane. Det er framleis omtrent umuleg å lage sosiale robotar som kan gjere service- og kommunikasjonsoppgåver. Dei kan til dømes ikkje servere på ein kafé eller stå i skranken og ta imot gjester. Når omgjevnaden er kompleks og uføreseieleg vert roboten forvirra. Han stansar opp og seier: «Unnskyld, eg forstår ikkje kva du seier.» Tru mot vår natur vil vi kunne få sympati med den hjelpelause figuren og forsøke å hjelpe han. Omsorgsevna vår gjer at vi menneske nesten garantert kjem til å utvikle eit intenst og ektefølt engasjement for sosiale robotar.

Lars Nyre og
Bjørnar Tessem

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Roboten treng ikkje å vere særleg intelligent, han må berre framstå som om han er det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis