SonglinjerFinnmark var ein etnisk og kulturell smeltedigel i fleire hundre år før mesteparten av landet elles.

Finnmark var ein etnisk og kulturell smeltedigel i fleire hundre år før mesteparten av landet elles.

På Olaus Magnus’ Carta Marina fra 1539 over «Finmarchia», kjenner me att stadnamn som Makkaur, Omgang og – sentralt øvst i biletet – Vardøhus, teikna som eit mektig slott.
På Olaus Magnus’ Carta Marina fra 1539 over «Finmarchia», kjenner me att stadnamn som Makkaur, Omgang og – sentralt øvst i biletet – Vardøhus, teikna som eit mektig slott.
Publisert

Gjennom eit ope vindauge flyt ein sørgmodig kvinneleg korsong over grøne sletter, mellom rivningklare hus, heilt ned til den vesle hytta mi ved stranda. Lokka av songen kler eg på meg skjorte, bukse og støvlar, og går i retning av kjelda medan eg gnir søvnen ut av auga. Eg skjønner raskt at songen kjem frå kulturhuset, det må vera Pomorkoret i Teriberka som har øving. Dei skal snart reise til Vardø, og opptre der med pomorsongane sine.

Døra til kulturhuset er open, og eg går opp trappa. Det er åtte kvinner til stades i salen, og medan dei syng, dansar dei gamle folkedansar frå Arkhangelsk og andre plassar ved Kvitsjøen, som var den eigenlege heimstaden til pomorane. Dansen minner somme gonger om ein slags polonese, der dei går mot kvarandre og held hender, andre gonger dansar alle i ein stor sirkel. Undervegs skapar dei forteljingar med song og kroppsspråk. Damene smiler og ser mykje gladare ut enn dei gjer om ein møter dei på butikken eller langs vegen, merkte som dei er av å ha levd gjennom harde tiår i Teriberka. Dei fleste er enker, og nokre av mennene drog nok ned den gjennomsnittlege levealderen for russiske mannfolk: 59 år. For russiske kvinner er gjennomsnittleg levealder 72. I Noreg er dei same tala 80 og 84 år.

Desse kvinnene hugsar betre tider, før kollapsen på 1990-talet, då det budde ti gonger så mange i Teriberka, det var arbeid til alle og ting fungerte – iallfall samanlikna med det som skulle kome.

Ein siste song, og korøvinga er over. Olga Nikolaiova er leiar for Pomorkoret og kulturhuset i Teriberka, og eg kjenner henne att frå oppslag i vestlege media. Der stod ho fram som uredd, og talte fritt. På telefonen får eg tak i tolken Anna, og Nikolaiova byr oss te på kontoret sitt.

I den siste songen høyrde eg namnet Teriberka bli nemnd fleire gonger, og eg spør kva han handlar om. Teriberka-songen viser seg å vere sentimental, som dei fleste andre songar i denne sjangeren. Han handlar om nokon som måtte reise frå heimplassen, der vedkomande blei fødd og hadde ein lukkeleg barndom og ungdom. Det som er att, er minner, om til dømes lyse sommarnetter med den første kjærleiken i ein liten båt på fjorden. «Kor enn eg er, og kven enn eg møter/ vil heimstaden min og røtene mine/ alltid vere i Teriberka/ byen til ein fiskar ved havet». Nokre av dei mange tusen som har måtte flytte dei siste tiåra, går kanskje av og til og nynnar Teriberka-songen.

Nikolaiova hadde sin barndom og ungdom i Nizjnij Novgorod i det sentrale Russland. Då ho kom til Teriberka for over 30 år sidan, var glansdagane allereie over, men det var enno fleire butikkar, bakeri, båtbyggjeri og fleire gonger så mange innbyggjarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement