Songane

WEST END: Som 21-åring freista Bob Dylan lukka som skodespelar i London. No trekkjer songane hans fulle teaterhus i byen.

Ciarán Hinds som pensjonateigar Nick Laine i Duluth i Minnesota i 1934.
Ciarán Hinds som pensjonateigar Nick Laine i Duluth i Minnesota i 1934.
Publisert

I London lavar snøen ned og frosten bit. Gufsen frå Themsen går gjennom kleda. Inne i The Globe, det rekonstruerte Shakespeare-teateret på sørbreidda, er lufta prikkete av tunge snøfiller som fell over dei billige ståplassane i midten, under open himmel. Stråtaket – Londons einaste, stråtak vart elles forbode etter bybrannen i 1666 – dekkjer berre det som for 400 år sidan var dei dyrare sitjeplassane.

Heldigvis er det lagt tak over Noël Coward Theatre, West End-scena som me har billett til i kveld, i St. Martin’s Lane, ei sidegate til Charing Cross Road, men mellom søylene i inngangspartiet, under takframspringet på fasaden, har heimlause funne ly for natta i grøne soveposar. Ein av dei har barrikadert seg bak ein flyttbar vegbom kledd i papp og isolerande sylvpapir, så kaldt er det i London i vinter.

Framleis søv dei, men før billettluka opnar, må dei ta med seg eigedelane. Over soveposane og sylvpapiret blenkjer dei mange stjernene frå The Guardian, The Independent og The Times, fem frå kvar avis, saman med eit sitat frå The Observer: «Conor McPherson weaves magic with Bob Dylan’s songs.»

Dei store plakatane syner dei to framsyningane som går på Noël Coward Theatre no: Det sjølvbiografiske hovudverket til den amerikanske nobelprisvinnaren Eugene O’Neill, Lang dags ferd mot natt med Jeremy Iron som James Tyrone, og eit stykke av den irske samtidsdramatikaren Conor McPherson, med songar av ein annan nobelprisvinnar, Bob Dylan, og med teatertittel henta frå den tidlegaste songen, Girl from the North Country. Ei strofe derfrå høver her i St. Martin’s Lane:

Well, if you go when the snowflakes storm

When the rivers freeze and summer ends

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement