Reportasje

¿ Soga om Stine og Jacob

KVALBEIN (kvælbæi): Sør-Jæren står sterkt i gamal dialektdikting ­– og i ny. Spora etter Brita-visa har ført meg til Hå.

Helge Torvund
Helge Torvund
Publisert Sist oppdatert

Viseteksten «Reis dæg, Brita, gakk åd strånnå» er eit smykke i norsk målsoge, verdsett av Ivar Aasen og Gustav Indrebø, men kva for dialekt er visa skriven på, stavangersk bymål eller sørjærsk? Og kven dikta henne, organisten Stine Lund (1715–1761) frå Stavanger eller ordsamlaren Jacob Rasch (1669–1737) frå Kvalbein?

Frå spora etter Stine Lund i Stavanger – «den første identifiserte kvinna som skreiv på norsk dialekt» (Allkunne) ­– dreg eg mot Sør-Jæren og Kvalbein, der Jacob Rasch budde til han var 13 år.

Skulepsykologen

Eg går av toget på Brusand, ein liten stasjon på Jærbanen mellom Stavanger og Egersund, tre kilometer frå jærgarden Kvalbein. Der finst ikkje hotell eller pensjonat, men eg får leigd ei hytte vend mot havet.

Utleigaren er mistenksam. Hit kjem tyske familiar i bubil, ikkje ein einsleg sørlending på sykkel. Det hjelper ikkje at eg syner han artikkelen som konkluderer med at Brita-visa vart skriven på dialekten hans. Slikt dreg ikkje utanlandske turistar.

– Jau, det var borte på Kvalbein nynorsken oppstod. Me har den eldste dialekten, avgrensa av Håelva og Ognaelva, seier han, framleis på vakt mot framandkaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement