Historie

¿ Soga om Isak

Dersom soga om Abraham forsvinn frå det kollektive minnet i Vesten, vert nasarearskikken mindre forståeleg, og abrahamsreligionane jødedom, kristendom og islam nokså uforståelege.

Caravaggio (1571–1610): «Ofringa av Isak» (1603), kunstgalleriet Uffizi, Firenze, Italia. Frå venstre: engelen, Abraham, Isak og vêren. Røntgenanalysar syner at målaren nytta same modell til sonen og engelen.
Caravaggio (1571–1610): «Ofringa av Isak» (1603), kunstgalleriet Uffizi, Firenze, Italia. Frå venstre: engelen, Abraham, Isak og vêren. Røntgenanalysar syner at målaren nytta same modell til sonen og engelen.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Kva kan Abraham fortelja om nasarearane? Sjølve soga om han må med. Førre gong sette eg ikkje av plass til å resymera soga om Noah. Eg trudde ho var kjend. Det er ho ikkje. Og det er noko nytt.

Leonard Cohen sa kort tid før han døydde i 2016, at mange no ikkje skjønar songane hans av di dei byggjer på eit bibelsk stoff som vert gløymt. «Hallelujah» er eit godt døme. Eit anna er «Story of Isaac» (Songs From a Room, 1971), som det høver godt å sitera frå.

Fødselssoga

Men fyrst fødselssoga til Isak. Det er aldri for seint å skipa familie. Då Abraham var 99 år gamal, synte Herren seg for han, står det i Fyrste Mosebok 17, og sa: «Eg vil gjera deg svært fruktbar, ja, gjera deg til mange folkeslag.»

Patriarkane var menneske, og slik Noah drakk seg full, gjorde Abraham og Sara Gud til lått: «Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: ‘Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?’»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement