Sjakk

Slutt for aristokraten

Volodja Kramnik syner fram ideane sine for Botvinnik (lengst til høgre) og Kasparov (lengst til venstre).
Volodja Kramnik syner fram ideane sine for Botvinnik (lengst til høgre) og Kasparov (lengst til venstre).
Publisert

«I alle sentrale sjakkopningar dei siste 25 åra er det Vladimir Kramnik som har stått for dei viktigaste nye ideane,» sa armenaren Levon Aronjan denne veka. Magnus Carlsen gjev ikkje slike komplimentar, men etter VM-kvalifiseringa i 2013, då han vann med minimal margin føre Kramnik, sa han: «Eg hadde venta at Kramnik skulle vera best førebudd i opninga, men ikkje at han skulle vera så mykje betre enn oss andre.»

Då Kramnik slo Carlsen i Norway Chess i Stavanger i 2017, gav han nordmannen eit råd: «Carlsen spelar overflatisk med svart mot kongebonden og må byrja arbeida med opningane sine.» Eg trur ikkje Carlsen lika det rådet, men eg trur han høyrde etter. Kan henda var det etter dette tapet Carlsen byrja tenkja på det sicilianske paradigmeskiftet som kom under VM-kampen i 2018 (sjå referatet frå Wijk aan Zee-turneringa på side 21).

Russaren Vladimir Kramnik (43) er aristokraten i sjakkverda, høgreist og arbeidssam som Tolstoj-karakteren Levin i Anna Karenina. Den historiske bragda hans er sigeren mot Garri Kasparov i 2000, det mest overraskande tronskiftet i VM-historia. Kasparov er framleis rasande etter tapet som gjorde at han la opp som ein bitter mann fem år seinare. Denne veka kom Kramnik på sisteplass i Wijk aan Zee, og verdsmeisteren frå 2000 til 2007 annonserte at han no gjev seg som sjakkspelar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement