Reportasje
¿ Skyer over Themsen
Eg vaknar ved Themsen, og det store spørsmålet er: Skal Dale gje seg?
Det regner jamt, det er jo dette vêret England er kjent for: sildrande surt regn. Alle foto: Hallgeir OpedalDet regner jamt, det er jo dette vêret England er kjent for: sildrande surt regn. Alle foto: Hallgeir Opedal
Lytt til artikkelen:
Det er endå ein råsken og gråtung morgon i England. Eg rettar ryggen og ser inn over grasmarka med glitrande doggdråpar, bubilar, dressurbane, campingvogner og familietelt. Fyrst når eg dreg ut øyreproppane, høyrer eg glamet. Ein kakofoni frå eit hundretal hundar samla her for å konkurrere i løp og lydnad. På motsett side av elva ser eg telta til problemungdomen frå London. Det er stille der borte no. Dei søv vel ut rusen.
Eg ruslar mot toaletta, og langs heile vegen varslar dei tamde rovpattedyra eigarane sine at «voff, her kjem det framandfolk, voff, pass på no, voff, voff, no kjem det folk, høyr då, det kjem folk, voff», og frå dei mobile heimane i glasfiber, lettmetall og syntetiske tekstilar høyrer eg morgongretne røyster: «Shut the fuck up, Tiffy!». «Quiet, Cookie!». Eller berre: «Dog, come in here! Now!». Sjølv om mennesket har hatt hund i 40.000 år, og avla fram dei underlegaste skapningar tilpassa alt frå hjortejakt til Gucci-vesker, ja, til og med opphøgd hunden til menneskets beste ven, har vi enno ikkje klart å venje dei av med å gøy i utide. Slike urinstinkt klarar ein aldri å øksle bort.
Eg har sove dårleg. Teltet står oppslått i ei slak helling, og gjennom heile natta har tyngdekrafta trekt nokre-og-nitti kilo Dale ned mot meg. Berre når han har luska seg ut på do, tre gonger i natt, har eg kunna rette meg ut, men så var han tilbake, og snart låg eg igjen i skorfeste.
Det var då eg låg slik, at tanken om å padle resten av turen aleine begynte å tiltala meg. Ja, kan hende det vil vere ein føremon. For det fyrste får eg teltet for meg sjølv. Dale og eg har vore tett saman i over fire døgn no, og det ville ikkje vore ulageleg med litt aleinetid. Og, som tidlegare nemnt, har eg ei over snittet stor intimsfære; eg kjenner ubehag ved å ligge tett på andre. Denne mentale sperra har eg løyst ved å tylle i meg alkohol. Vin, whisky og øl har løyst opp sut og motvilje, men rusgifter har sine biverknadar, og det å vakne kvar morgon i bakrus, skulle eg gjerne vore forutan.
For det andre, eller tredje, alt ettersom, er eg uroa over den skrantande fysikken til Dale. Då vi starta, var han krafta som skulle drive meg ned Themsen, men alt fyrste dagen gjekk han rundt, og det sette ein psykisk støkk i han. Så kom denne lumske senebetennelsen i underarmen, dinest verken i kneet, og alt dette har svekt Dale. Samstundes som han er blitt vesal, er eg blitt styrkt, for slik verkar den menneskelege psyken. Vi ikler oss roller. No er ikkje eg det veikaste leddet i lenka, eg finst ikkje lenger redd for å gå om bord i kajakken, tvert om, og eg kan padle i time etter time, armane går som Spinning Jenny, det kostar meg ingenting. Mens Dale? I går kveld lånte han telefonen min for å ringe ein lege han kjenner heime i Noreg – telefonen hans ligg som kjent på botn av Themsen. Slik ho vurderte symptoma, vil ikkje betennelsen gå over med det fyrste, og iallfall ikkje om han held fram med å padle. Og vi er ikkje eingong komne halvvegs, det er nær ti mil igjen til London.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.