Skrifta

Publisert

Tekstsamspel – Ottar Grepstads vellukka fornorsking av omgrepet «intertekstualitet» – er ei moderne nemning på eit velkjent fenomen: at tekstar snakkar med kvarandre. Nye tekstar låner mønster og språklege vendingar, dei fortolkar, motseier, kombinerer eller utvidar eldre eller samtidige tekstar. For Julia Kristeva er intertekstualitet eit allment trekk ved tekst; alle tekstar står, medvite eller ei, i samband eller samtale med andre tekstar. Men i særleg grad, og høgst medvite, gjeld dette kyrkjelege tekstar. Dei er skrivne med bunde mandat, forankra i Den heilage skrifta – Bibelen.

Alle salmediktarar knyter til Bibelen i større eller mindre grad. Men i norsk samanheng er det neppe nokon som har drive tekstsamspelet med bibeltekstar så langt og så konsekvent som bibelomsetjaren og bibelgranskaren Elias Blix. Og det gjeld ikkje berre «perikopesalmane», salmetekstar som parafraserer søndagens evangelium, og som gjekk av moten i løpet av liturgireformene sist på 1900-talet og stort sett er borte frå nyare salmebøker. Hos Blix finst det knapt ei linje utan eit bibelsk ekko.

Lyset er eit sentralmotiv, ikkje berre i «Ljos over grav», men i heile salmeverket til Blix, og hos ein av dei bibelske favorittane hans: evangelisten Johannes. «Ljoset og livet» i første strofe er som ei hyperlenkje, for å snakke nettlesarspråk, som opnar eit vindauge til prologen i Johannesevangeliet, det fjerde verset i første kapitlet. Ei meir utbrodert tolking av denne teksten gir Blix i «Jesus, du er den himmelveg».

Dei første og siste kapitla i Bibelen – Første Mosebok og Johannes’ openberring – tilfører ein enda rikare klangbotn for salmen «Ljos over grav». «Ormen» i andre strofe, introdusert i tredje kapittel av Første Mosebok, kjem att og møter sin bane i kapittel 12 og 20 i Openberringa. «Livstreet» frå kapittel 2 og 3 i Første Mosebok blømer i tredje strofe i salmen og i kapittel 22 i Openberringa. Dette motivet har Blix utvikla i den tidlege, interessante, men gløymde påskesalmen «I Edens sæle sumar».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement