Sjakk
Skodde over London
Verdsmeisteren spelar gode sjakktrekk, men noko plagar han. Kan henda er det alle remisane som går han på nervane.
Arrangøren av London Chess Classic, Malcolm Pein, sette i gang spelet i runde fire med eit lite stikk til spelarane då han las eit par liner frå regelboka til verds-sjakkforbundet FIDE: «Målet med spelet er å truga kongen til motstandaren slik at han ikkje har noko lovleg felt å flytta til. Den spelaren som når dette målet, har sett kongen til motstandaren sjakk matt og har vunne partiet.»
Vel, Carlsen lo ikkje. Han sprudlar ikkje i London; kan henda har han lese Jane Austen: «Nobody is healthy in London, nobody can be.»
Men før vi ser på dei svarte og kvite realitetane på sjakkbretta, vil eg summera opp dei siste månadene til Carlsen: Alt har vore strålande. Han vann den store opne turneringa på Isle of Man, og han har knust all motstand i snøggsjakk og lynsjakk i maratonmatchar mot verdsstjernene Ding Liren (30,5–13,5 til Carlsen) og Wesley So (27,5–9,5 til Carlsen), og så bortetter. Så Carlsen er den dominerande spelaren i sjakkverda, men kan han overføra den gode forma til ei klassisk eliteturnering?
Den beste spelaren kan vinna ti lynsjakkparti på rad, men med lang tenkjetid er konkurrentane til Carlsen mykje betre til å forsvara seg. Det er det som no skjer i London, i parti etter parti, slik vi òg hugsar at dei sju fyrste partia i VM-kampen i 2016 mot Karjakin enda i remis.
Berre nesten
Eit par dagar før fyrste trekk vart London annonsert som arrangør av VM-kampen i november 2018. Det er store sjansar for at den neste VM-utfordraren er ein av motstandarane i årets turnering. Ein av favorittane mine er amerikansk-italienske Fabiano Caruana (25) som spela svart mot Carlsen i fyrste runde. Carlsen valde ei roleg opning og fekk ein mikroskopisk føremon. Nett slik han vil ha det. Han kunne pressa og pressa, i time etter time.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.