Reportasje

Sjung hopp faderallan lallan lej!

Det er snart midtsommar, og eg er på veg heim att. Er det rart eg syng?

Endeleg ser eg havet, og det store, duvande, endelause havet er alltid eit godt syn. Landskapet er ikkje ulikt klittane i Danmark tvers over sundet. Og no er det snart midsommar!
Endeleg ser eg havet, og det store, duvande, endelause havet er alltid eit godt syn. Landskapet er ikkje ulikt klittane i Danmark tvers over sundet. Og no er det snart midsommar!
Publisert

Lytt til artikkelen:

Og så fann dei det viktigaste provet: det avskorne hovudet til Wilma innpakka i folie i ei veske i leilegheita hans.

Klokka er nokre minuttar over åtte, og eg ligg i senga på Hotell Amadeus i Halmstad og ser fjernsyn. Det er Nyhetsmorgon på TV4, og igjen er krimforfattaren Leif GW Persson gjest, noko han er ofte. Trass i at han er Sveriges mest intervjua menneske, får svenskane aldri nok av denne mannen, og det veit det reklamefinansierte TV4. Heilt sidan klokka sju har dei to solariumsblide programleiarane begeistra meldt at «om litt er GW med oss».

Eg har aldri skjønt denne begeistringa for Leif GW Persson, men har merka meg at mine svenske kollegaer tykkjer det er ei storhending kvar gong han skal vere gjest i Skavlan. Det er eit slikt yr av glede og forventning, for Leif GW Persson er ein folkkär kjendis. Heilt sidan han skreiv krimromanen Grisfesten i 1978, har han vore synleg i den svenske ålmenta, ja, han har ruva og bydd raust på seg sjølv og brestane sine: utruskap, depresjon, skilsmisser, alkoholmisbruk, hjartesjukdom, farsrolla, og ikkje minst har han fortalt om jula 1977, då han sat einsam i sin jaktstuga med geværet mellom knea og pipa i munnen, han tok eit djupt andedrag, ville trekke av, men:

– Jag var i så dåligt skick att jag inte ens klarade att blåsa skallen av mig.

Å! Slike openhjartige truvedkjenningar frå ein mann på botnen går rett heim, sjølvsagt, og ei spørjeundersøking i magasinet Hem & Hyra synte at han er den som svenskar flest vil ha som granne. Ei tilsvarande undersøking utført av Statens Järnvägar synte at GW är den svenska kändis som de flesta svenskar helst vill sitta bredvid på tåget. I den siste danka han ut folk som fotballspelaren Zlatan Ibrahimovic og kronprinsesse Victoria, hertuginne av Västergötland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement