Sjakkglede åleine er ikkje nok

Då generasjonsduellen tok ei uventa vending i snøggsjakken, rakna det òg i lynsjakken for Magnus Carlsen.

Avtroppande verdsmeister Magnus Carlsen takkar for seg mot 17-åringen Nodirbek Abdusattorov frå Usbekistan i tiande runden av snøggsjakk-VM.
Avtroppande verdsmeister Magnus Carlsen takkar for seg mot 17-åringen Nodirbek Abdusattorov frå Usbekistan i tiande runden av snøggsjakk-VM.
Publisert Sist oppdatert

Ein snørrete verdsmeister freista ein ny taktikk i romjula: å vera positiv til nesten alt og alle (med eitt unnatak då resultatlista var klar i snøggsjakken). Han såg ikkje frisk ut, men ingen ville øydeleggja den gode stemninga og spørja om Carlsen hadde korona. Carlsen spela i fem dagar utan å orsaka seg. «Eg var ikkje god nok», konkluderte han.

Etter uvanleg sterkt spel – jamvel for Carlsens standard – i VM-kampen mot Nepomnjasjtsjij nokre veker tidlegare, hadde han ei von om å klara det «umoglege» på tampen av 2021: trippelsiger (klassisk, hurtig, lyn), slik som i 2014. Sist gong romjulsmeisterskapane vart arrangerte, i 2019, vart det dobbeltsiger (hurtig og lyn). Som den tredoble verdsmeisteren i lynsjakk, Aleksandr Grisjtsjuk (38), sa det til NRK i Warszawa: «Favoritten er alltid den same.» «Kven er favoritten?» spurde journalisten. «Det veit du godt», sa russaren.

Den nye generasjonen

Carlsen sjølv har erklært at den store generasjonsduellen motiverer han meir enn noko anna. Difor smakte det godt då han vann i runde 7 av snøggsjakken mot verdstoaren, fransk-iranaren Alireza Firouzja (18), som alt i 2019 tok sølv i snøggsjakk-VM. Carlsen skjerpa seg òg mot heimefavoritten Jan-Krzysztof Duda (23), som tok sølvet i lynsjakk-VM i 2019. Då dei møttest i runde 9, ofra Carlsen tårn mot hest og vann sluttspelet etter sterkt spel.

Med 7,5 av 9 poeng etter to dagar snøggsjakk var Carlsen i rute til eit nytt gull. Spelet hadde ikkje vore perfekt, men meir enn godt nok. Det uroa meg litt at snørra rann, og røysta hans var veik, men det var vanskeleg ikkje å vera optimistisk då vi såg trekninga for runde 10, tredje dag: svart mot ein usbekar på berre 17 år.

Eg har til no sett på dei unge usbekarane som eit internettfenomen frå guteromma i Tasjkent. Men TV-bileta synte oss at Nodirbek Abdusattorov er dønn seriøs med dei tradisjonelle fysiske trebrikkene òg. Carlsen var rett nok best i opninga og fekk ein liten føremon med svart, men tenåringen verja seg meisterleg. Partiet gjekk mot remis, eit greitt resultat for verdsmeisteren med berre 30 sekund attende. Då miste Carlsen hovudet:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement