JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Sjakkglede åleine er ikkje nok

Då generasjonsduellen tok ei uventa vending i snøggsjakken, rakna det òg i lynsjakken for Magnus Carlsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Avtroppande verdsmeister Magnus Carlsen takkar for seg mot 17-åringen Nodirbek  Abdusattorov frå Usbekistan i tiande runden av snøggsjakk-VM.

Foto: Michal Walusza / FIDE

6146
20220107
6146
20220107

Ein snørrete verdsmeister freista ein ny taktikk i romjula: å vera positiv til nesten alt og alle (med eitt unnatak då resultatlista var klar i snøggsjakken). Han såg ikkje frisk ut, men ingen ville øydeleggja den gode stemninga og spørja om Carlsen hadde korona. Carlsen spela i fem dagar utan å orsaka seg. «Eg var ikkje god nok», konkluderte han.

Etter uvanleg sterkt spel – jamvel for Carlsens standard – i VM-kampen mot Nepomnjasjtsjij nokre veker tidlegare, hadde han ei von om å klara det «umoglege» på tampen av 2021: trippelsiger (klassisk, hurtig, lyn), slik som i 2014. Sist gong romjulsmeisterskapane vart arrangerte, i 2019, vart det dobbeltsiger (hurtig og lyn). Som den tredoble verdsmeisteren i lynsjakk, Aleksandr Grisjtsjuk (38), sa det til NRK i Warszawa: «Favoritten er alltid den same.» «Kven er favoritten?» spurde journalisten. «Det veit du godt», sa russaren.

Den nye generasjonen

Carlsen sjølv har erklært at den store generasjonsduellen motiverer han meir enn noko anna. Difor smakte det godt då han vann i runde 7 av snøggsjakken mot verdstoaren, fransk-iranaren Alireza Firouzja (18), som alt i 2019 tok sølv i snøggsjakk-VM. Carlsen skjerpa seg òg mot heimefavoritten Jan-Krzysztof Duda (23), som tok sølvet i lynsjakk-VM i 2019. Då dei møttest i runde 9, ofra Carlsen tårn mot hest og vann sluttspelet etter sterkt spel.

Med 7,5 av 9 poeng etter to dagar snøggsjakk var Carlsen i rute til eit nytt gull. Spelet hadde ikkje vore perfekt, men meir enn godt nok. Det uroa meg litt at snørra rann, og røysta hans var veik, men det var vanskeleg ikkje å vera optimistisk då vi såg trekninga for runde 10, tredje dag: svart mot ein usbekar på berre 17 år.

Eg har til no sett på dei unge usbekarane som eit internettfenomen frå guteromma i Tasjkent. Men TV-bileta synte oss at Nodirbek Abdusattorov er dønn seriøs med dei tradisjonelle fysiske trebrikkene òg. Carlsen var rett nok best i opninga og fekk ein liten føremon med svart, men tenåringen verja seg meisterleg. Partiet gjekk mot remis, eit greitt resultat for verdsmeisteren med berre 30 sekund attende. Då miste Carlsen hovudet:

Abdusattorov–Carlsen før svarts trekk 51.

Usbekaren sa etterpå: «Eg skjønar ikkje kvifor Carlsen ikkje slo bonden på h5 med dronninga og godtok remis. Som han spela i partiet (bonde til f5), er det berre kvit som kan vinna.» Sanninga er nok prosaisk: Carlsen såg ikkje i tidsnauda at han kunne eliminera bonden på h5 (takka vera springargaffelen på g3). Etter tabben til Carlsen fekk kvit ein livsfarleg bonde på h6 som til slutt kosta verdsmeisteren partiet.

Carlsen kom attende og slo veteranen Levon Aronjan (39) i nest siste runde, men det heldt berre til delt fyrsteplass med 9,5 av 13 poeng. Og no sprakk det for Carlsen då han skjøna at berre Abdusattorov og Nepomnjasjtsjij (nummer 1 og 2 på kvalitet, rekna ut etter nivået på motstandarane gjennom 13 rundar) fekk spela omspel om gullet, medan Carlsen og Caruana (nummer 3 og 4 på kvalitet) måtte vera tilskodarar.

Snøggsjakk-VM vart ein opptur for Jan Nepomnjasjtsjij (31) etter langsjakk-VM, men alle prata likevel berre om Abdusattorov, som vann omspelet med strålande spel. 17-åringen slo dessutan på vegen kanonar som Caruana, Aronjan og Carlsen – og er ein fullt fortent verdsmeister.

Seks tap i lyn

Same kveld fekk usbekaren ein hjarteleg gratulasjon frå Carlsen, som la til at han, kor som er, var mest interessert i gullet i lyn­sjakk. Her har Carlsen vunne tre år på rad, i 2017, 2018 og 2019.

Fyrste dag av lynsjakken byrja sterkt på papiret med fire strake sigrar, men spelet var likevel litt rufsete. Posisjonsspelet (kjensla for harmoni) fungerte, men variantrekninga var ustabil. I kompliserte stillingar fekk ein inntrykk av at det var bingo kven som vann. Både Carlsen og motstandarane gjorde mange grove feil. Med mange rundar og lita tid til å roa seg ned under og mellom partia, kjem tapa uunngåeleg når ein spelar utan kontroll. Det vart tap fyrste dag i runde 5 (Socko), 6 (Fedosejev) og 9 (Mamedjarov).

Aronjan var i klar leiing før den andre og siste lynsjakkdagen, men armenaren, som no spelar for USA, tapte tre parti på rad. Alt var no opp til Carlsen, men han fann aldri rytmen. Han tapte fortent mot Giri i runde 15 og heilt unødvendig mot Grisjtsjuk i runde 16. Då Carlsen vann etter pent spel mot Nepomnjasjtsjij i runde 20, låg han likevel berre eit halvt poeng bak teten før siste runde.

Her gjekk Carlsen til åtak med svart mot franskmannen Maxime Vachier-Lagrave (31). Etter store komplikasjonar tapte nordmannen sitt sjette parti på to dagar. For det franske reknegeniet vart lyn-VM den største triumfen i ein lang karriere. Han vann omspelet mot Duda og tok sitt fyrste VM-gull. Vachier-Lagrave er den einaste av dagens toppspelarar som har ein universitetsgrad i matematikk, noko som var heilt vanleg i sjakkeliten for eit par generasjonar sidan.

Å ha fem gode dagar på rad er vanskeleg – både i livet og i brettspel. Dei siste månadene har vore gode for Carlsen, trass alt. Mot Nepomnjasjtsjij hadde han 11 gode dagar av 11 moglege (nesten ikkje til å fatta). Han tok mange poeng dei to fyrste dagane i Warszawa òg. Så fekk han tre dårlege dagar på rad med avslutninga i snøggsjakk og to dagar lynsjakk.

Endå verre gjekk det for Hikaru Nakamura (34) som måtte trekkja seg etter ein positiv koronatest. Eller kan henda er amerikanaren ganske nøgd: Ved ikkje å spela den siste dagen gjekk han forbi Carlsen på verdsrankinga i lyn­sjakk. Kor mange som var sjuke på nasjonalstadionet i Warszawa, veit ingen. Arrangørane og verdssjakkforbundet FIDE tyktest vera samde i at det beste var ikkje å vita.

Kva som var gale med Carlsen, veit berre han sjølv. I langsjakk er det viktigaste å vera godt førebudd sjakkfagleg og fysisk. Med kort tenkjetid er sjakk litt meir som skihopp: Marginane er små i jakta på den rette sitjestillinga. Å gleda seg til romjula, slik Carlsen gjorde denne gongen, er ikkje alltid nok.

ATLE GRØNN

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å ha fem gode dagar på rad er vanskeleg – både i livet og i brettspel.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis