Sjakk
VM i venting
VM-kampen var eitt trekk frå å eksplodera i fyrste parti. Så kom den psykologiske stillingskrigen og remisdauden.
?Dei fyrste fire timane i London var spektakulære, men det kan ein ikkje seia om dei fyrste fire partia under eitt, melder Atle Grønn.
Foto: Paul Childs / Reuters / NTB scanpix
Alle VM-kampar har sin eigen dynamikk, men duellen i London mellom Magnus Carlsen (27) og utfordraren Fabiano Caruana (26) fekk tidleg ein negativ trend, som eg vonar snur medan eg skriv desse linene. Dei fyrste fire timane i London var spektakulære, men det kan ein ikkje seia om dei fyrste fire partia under eitt.
Normalresultatet
Fire remisar på fire parti er ikkje uvanleg i klassisk sjakk, i alle høve ikkje i ein VM-kamp. Slik byrja Anand–Carlsen i Chennai i 2013. Då fekk Carlsen det psykologiske overtaket i det fjerde remispartiet og drog i frå med siger i det femte og sjette partiet. Mot Karjakin i 2016 enda dei sju fyrste partia remis då ein frustrert verdsmeister miste hovudet med kvit i parti 8. Russaren tok leiinga med svart, men Carlsen kom attende i parti 10.
Det er for lett å seia at remisane kjem frå dei avanserte computeranalysane som dominerer toppsjakken. Sanninga er nok heller at remisane ligg i VM-duellens natur. Ein av dei mest spanande VM-kampane i historia, Anatolij Karpov mot Garri Kasparov i Moskva i 1984/85, hadde 17 remisparti på rad utan eit einaste computertrekk. Klimakset kom då Kasparov etter fem månader (!) vann både parti 47 og 48. I vår tid er VM-kampen skoren ned til berre 12 klassiske parti. Det nye formatet er heilt useriøst, ifylgje Karpov, men det tvingar fram ei avgjerd mykje tidligare.
Fyrste parti
Moroa kom alt i det fyrste partiet. Eit steinkast frå Sicilian Avenue i London overraska Carlsen med å spela ei aggressiv siciliansk opning med svart mot kongebondetrekket til Caruana. Spelarane kom inn i Rossolimo-varianten, som har fått namnet sitt etter ein taxisjåfør i New York. Sjåføren, som vart fødd i Kiev i 1910, levde eit dobbeltliv som sjakkstormeister. Før Bobby Fischer var det ikkje råd å vera profesjonell sjakkspelar i USA. I dag er det annleis, og Caruana har mesenmilliardæren Rex Sinquefield i ryggen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.