JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Verda må skjerpa seg

Magnus Carlsen (33) var nok ein gong suveren då han vann sitt 16. og 17. VM-gull i Usbekistan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magnus Carlsen har gjort det  igjen.

Magnus Carlsen har gjort det igjen.

Foto: Lennart Ootes

Magnus Carlsen har gjort det  igjen.

Magnus Carlsen har gjort det igjen.

Foto: Lennart Ootes

5865
20240105
5865
20240105

Fem dagar med intensiv sjakk i romjula er ein fin norsk tradisjon, eit avbrot frå krig og katastrofar. NRK-sendingane fungerer etter oppskrifta og vert meir og meir like andre familieprogram som «Maskorama». Men så er det heldigvis sjakken, då, og konkurransen der er reell nok.

Når ein diskuterer internasjonalt om Garri Kasparov eller Magnus Carlsen er den beste spelaren i historia, er eit hovudargument for Carlsen at konkurransen er mykje hardare i dag. Det er sant. Av dei 200 spelarane i open klasse i Usbekistan var kan henda 30 gode nok til å vinna, så reint matematisk skulle ikkje ein einsleg Carlsen ha særleg gode odds mot resten av verda.

Carlsen tok likevel dobbeltsiger i 2014, 2019 og 2022. At han gjorde det i år igjen, er nesten ikkje til å tru. Etter årets VM har Carlsen 17 gull (5 i langsjakk, 5 i snøggsjakk og 7 i lynsjakk). Dei hardaste konkurrentane, som Caruana, Nepomnjasjtsjij og Nakamura, har til saman null gull. Dei må skjerpa seg!

Sluttspelmagi

Carlsen byrja snøggsjakken nervøst med ein svak remis i fyrste runde. Men så vann han fem på rad. I runde 2, 4 og 6 trylla Carlsen fram sigeren med svart i sluttspel der alle andre ville ha teke remis. Det var ikkje noko å spela på, men Carlsen spela likevel vidare – og vann. Det er slikt som kan henda i eitt av 100 parti, men Carlsen gjorde det tre gonger på rad. Og blant offera i desse sluttspela var verdsklassespelarar som iranaren Maghsoodloo og indaren Vidit. Skjerp dykk, verdselite!

Med svart i runde 10 på den tredje og siste snøggsjakkdagen spela Carlsen for siger frå start. Han valde ei strategisk risikabel opning i ånda til hypermodernistane frå mellomkrigstida. Kvitspelaren Vladimir Fedosejev (28) – ein russar som hatar krigen og no spelar for Slovenia – skjøna ikkje kompleksiteten på brettet. I NRK-studioet kunne vår nestor Simen Agdestein (56) fortelja at sjakkfilosofen Nimzovitsj spela slik Carlsen gjorde alt i 1926.

Idioterklært

Litt seinare sa Agdestein: «Carlsen får Fedosejev til å sjå ut som ein idiot.» Slikt er ikkje comme il faut i eit familieprogram, det er ikkje pent å seia at andre ser ut som idiotar. Agdestein måtte ro det i land, men la til: «…men han ser jo ut som ein idiot – og det vil han sjølv vera samd i».

Agdestein hadde rett. Fedosejev må skjerpa seg! Eksrussaren skjøna om ikkje anna at han ikkje skjøna noko som helst. Og slik vart han brutalt sjakkmatt:

Fedosejev–Carlsen, runde 10, snøggsjakk. Sluttstillinga. 0–1. Kvit vert matt i neste trekk.

Etter denne sjikanen kunne lesaren tru at Fedosejev ikkje var noko særleg til stormeister. Men, jau då, han tok etter 13 rundar sølv i snøggsjakk-VM, der Carlsen hadde full kontroll og sikra sigeren med to enkle remisar i dei to siste rundane.

Prokofjevs remis

Lynsjakken vart eit slit. Carlsen var utladd etter snøggsjakkgullet, sov dårleg og fann ikkje rytmen. Verdseinaren var heldig som slapp unna med remis mot russarane Dubov, Nepomnjasjtsjij og Artemjev. Dei to siste hadde båe ein klar føremon i sluttstillinga, men hadde ikkje trua på siger mot verdas beste spelar og feiga ut. Skjerp dykk, gutar!

Så til den store skandalen. Dubov og Nepomnjasjtsjij hadde ikkje trua på siger mot kvarandre i runde 11. «Kva med riddardansen til Prokofjev,» spurde Nepomnjasjtsjij motstandaren før fyrste trekk. Dubov svara med ein lått. Ein indisk sjakkjournalist tok opptak av den famøse kviskringa som seinare gjorde russarane til lått. (Men dei skal ha ros for referansen til Prokofjev – gå på YouTube og søk opp klassikaren «Dance of the Knights».)

Som sagt, så gjort. Dubov og «Nepo» spela heile partiet med berre springarar dansande på brettet:

Dubov–Nepomnjasjtsjij, runde 11, ­lynsjakk.

Etter berre 20 sekund var hestane attende på stallen, og spelarane tok remis. Hovuddomaren var ikkje nøgd og dømde båe til tap: 0–0! Etter turneringa gav Carlsen støtte til domaren. Vi må slå ned på avtalt spel og usportslege remisar. Skjerp dykk!

Carlsen var kor som er i delt leiing med ni poeng etter 12 rundar fyrste dag. Dei hardaste konkurrentane var Artemjev og franskmannen Vachier-Lagrave (lynsjakkverdsmeister frå 2021). Dubov og Nepomnjasjtsjij stod med 8,5 poeng, eit halvt poeng bak, etter at domaren hadde sagt sitt.

Heller ikkje den andre lyndagen var Carlsen heilt i form. Han byrja med tap mot Vachier-Lagrave. Det vart ein vekkjar. Han gav ikkje lenger intervju til NRK mellom rundane, men nytta all energi til å konsentrera seg om gullkampen. Carlsen vann seks parti på rad og tok leiinga. Då konkurrentane heldt fram med remisspelet sitt, kunne Carlsen sikra nok eit gull med to enkle remisar i runde 20 og 21.

Er det så enkelt? Tja. Noregstoaren Johan-Sebastian Christiansen (25) gjorde sitt livs beste resultat i lynsjakken og fekk mykje fortent TV-tid då han slo ei handfull verdsklassespelarar. Christiansen «overpresterte» – og vart til slutt nummer 59. Det fortel oss at det er mange gode utlendingar, og at Carlsen er noko heilt unikt.

Atle Grønn

Samarkand, Usbekistan, 26.–30. desember 2023.

Sluttstillinga i snøggsjakk (15 minutt på partiet + 10 sekund per trekk) open klasse:

1. Magnus Carlsen 10/13

2. Vladimir Fedosejev 9,5

3. Yu Yangyi 9

...

52. Aryan Tari 7,5

90. Elham Amar 7

158. Benjamin Haldorsen 5

184. J-S. Christiansen 4

(202 deltakarar)

Anastasija Bodnaruk frå Russland (Fide) vart verdsmeister i snøggsjakk for kvinner (117 spelarar).

Sluttstillinga i lynsjakk (3 minutt på partiet + 2 sekund per trekk) open klasse:

1. Magnus Carlsen 16/21

2. Daniil Dubov 15,5

3. Vladislav Artemjev 15

...

59. J.-S. Christiansen 11,5

90. Aryan Tari 11

121. Benjamin Haldorsen 10

142. Elham Amar 9,5

(206 deltakarar)

Valentina Gunina frå Russland (Fide) vart verdsmeister i lynsjakk for kvinner (118 spelarar).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis