JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Torturisten har ein plan

Verdsmeisteren er i rute med ei knapp leiing i landsbyen Wijk aan Zee, så knapp at dei tre siste rundane vert særs spanande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
No skjønar heile sjakkverda korleis torturkammeret fungerer i dei rette hendene, altså når Carlsen styrer lauparen på g2.

Foto: Lennart Ootes – Tata Steel Chess Tournament 2022

5127
20220128
5127
20220128

Etter å ha sikra den femte VM-tittelen i klassisk sjakk i desember 2021 trekte Magnus Carlsen (31) pusten og sa at nok var nok. Han vil ikkje spela fleire VM-kampar mot sin eigen generasjon, der han utan tvil er den beste. Skulle han leggja opp? Nei, ikkje enno. Han sette seg som mål å nå 2900 i rating.

Dei nest beste i verda drøymer om 2800 (berre Firouzja er i dag over med 2804). Det gjer at målet til Carlsen synest urealistisk. Dei andre er for dårlege, og han taper ratingpoeng for kvar einaste remis. Ein vakker dag i 2014 var 2900 ganske nær då Carlsen noterte verdsrekorden 2889, men i dag er han meir på det jamne, på klassisk Carlsen-nivå, med 2866. Vegen fram til 2900 er lang for den suverene verdseinaren.

Ideen om 2900 er likevel ikkje berre tomme ord, for Carlsen har ein plan. Han fekk ein solid opptur i 2019 etter VM-kampen mot Caruana hausten 2018. Tanken er at han no i 2022 òg skal få ein langvarig opptur. Han skal nemleg nytta alle opningsideane som han ikkje fekk vist fram mot Nepomnjasjtsjij.

Etter duellen mot Caruana i 2018 byrja Carlsen vinna spektakulært med svart. Saman med sekundantane hadde han utvikla ei ny, aggressiv siciliansk opning. I dag har motstandarane og datamaskinane funne resepten mot denne strategien, så Carlsen må freista noko nytt. Diverre er den spanske svartopninga han førebudde mot Nepomnjasjtsjij altfor solid til å gje særleg mange sigrar. Løysinga til Carlsen anno 2022 er difor å vinna alle partia med kvit.

Katalansk tortur

Simsalabim – Carlsen har byrja spela katalansk som kvit med ei kraft ein aldri har sett før:

Hovudvarianten i katalansk opning. Svart i trekket.

Namnet kjem frå ei turnering i Barcelona i 1929, då flogvitet Savielly Tartakower vart beden av arrangørane om å finna opp ei ny opning til ære for regionen. Trumfen i den kvite oppstillinga er den fine lauparen i flankeposisjonen (såkalla «fianchetto») på g2. Opninga har vore kjend som ganske solid i nesten hundre år.

Men Carlsen har ein russar i bakhand! Sekundanten Daniil Dubov (25), den store kreative krafta i sjakkteorien, har lært Carlsen å spela katalansk på ein heilt ny måte. Når svart tek bonden på c4, skal ikkje kvit freista vinna bonden attende (til dømes med dronninga til a4), men berre spela vidare med bonde under. Hos Dubov og Carlsen har katalansk vorte ein spektakulær bondeoffervariant.

I Tata Steel-turneringa fungerer denne ideen perfekt: Carlsen har tre sigrar av tre moglege. Fyrst slo han Anish Giri (27) i runde 2, hovudkonkurrenten i kampen om turneringssiger. Så vann Carlsen på ny med katalansk i runde 6 mot den kreative ungarske trollmannen Richard Rapport (25). Og til sist vann Carlsen i katalansk i runde 9 mot den fargerike aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov (36):

Carlsen–Mamedjarov. Sluttstillinga med svart i trekket.

Her ser vi at svart (som tidleg vann bonden på c4) har fått fribonden sin heilt ned til c2, men resten av den svarte stillinga raknar fullstendig. Og kvit har framleis den mektige katalanske lauparen på g2. 3–0 til katalansk.

Som ung gut for 40 år sidan las eg ein artikkel i Norsk Sjakkblad om «den katalanske tortur». Eg byrja sjølv spela katalansk nokre år seinare. No skjønar heile sjakkverda korleis torturkammeret fungerer i dei rette hendene, altså når Carlsen styrer lauparen på g2.

Mot sine eigne

På dei ti fyrste rundane hadde Carlsen berre fire kvitparti, men kvifor vann han ikkje med kvit mot Jorden van Foreest (22) i runde 4? Vel, han kunne jo ikkje spela katalansk mot ein av sine eigne sekundantar frå VM-kampen. Problemet var synleg då Carlsen rett nok plasserte lauparen på g2, men ikkje kunne gå for den optimale opningsvarianten. Då fungerte ikkje lenger torturreiskapane, og partiet enda remis.

Det store spørsmålet no er kva som skjer når Carlsen i 13. og siste runde sundag skal avgjera kampen om turneringssigeren med kvit mot sjølvaste Dubov. Carlsen kan ikkje spela katalansk mot mannen som fann opp det nye offerspelet i denne opninga, så mykje er sikkert. Den russiske venen er difor ein særleg vanskeleg motstandar for Carlsen.

Samstundes er unge Dubov meir farleg utanfor brettet – som idégenerator og Putin-kritikar – enn på brettet. Faktisk har ikkje russaren vunne eit einaste parti hittil i år. I 7. runde hamna han i klammeri med arrangøren og tapte utan spel mot Giri, då han nekta å fylgja eit påbod frå nederlendarane om å bruka munnbind. Denne gratissigeren til Giri, som no jaktar fyrsteplassen eit halvt poeng bak Carlsen, kan verta avgjerande for sluttresultatet.

Men før Carlsen skal takla Dubov-utfordringa på sundag, må han gjennom eit vanskeleg svartparti mot Caruana på laurdag. I 11. runde i dag fredag kl. 14 har Carlsen derimot kvit mot indaren Vidit. Då er det vel berre å finne fram nykelen til det katalanske torturkammeret – eller vil indaren freista gøyma seg i eit anna rom på dei 64 felta?

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Carlsen kan ikkje spela katalansk mot mannen som fann opp det nye offerspelet i denne opninga, så mykje er sikkert.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis