Sjakk
Spikaren i kista
Magnus Carlsen avslutta sjakk-VM i Dubai med stil. Var den femte VM-kampen hans siste?
Magnus Carlsen har slege dei beste i sin generasjon (Karjakin, Caruana og Nepomnjasjtsjij) og den beste i den førre generasjonen (Anand).
Foto: Eric Rosen / FIDE
Sluttsiffera vart brutale då Carlsen førre fredag vann det 11. partiet òg: 7,5–3,5 med fire sigrar til verdsmeisteren og null til den russiske utfordraren Jan Nepomnjasjtsjij.
Nepomnjasjtsjij–Carlsen
(11. parti. Svart i trekket)
Carlsen slo springaren på e3 og ofra tårnet. «Pila» hoppa himmelhøgt over til svart. Pila fekk som alltid rett. Åtaket til Carlsen var knusande.
Magnus den ærlege
Kven er Magnus Carlsen? Han er ein elitist. Han er ikkje «soft», han er ikkje ein norsk sosialdemokrat, han er ikkje politisk korrekt. For alt dette er han til tider omstridd i det norske folket, i alle høve i den norske intelligentsiaen. Men éin ting skal han ha: Han er uvanleg ærleg. Carlsen sa føre VM-kampen kva som ville skje – og det skjedde – nemleg at russaren ville kollapsa om han fekk motgang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.