Sjakk

Rekordane skal falla

Magnus Carlsen heva spelet endå eit hakk den siste veka i Zagreb.

Magnus Carlsen har vunne åtte turneringar på rad.
Magnus Carlsen har vunne åtte turneringar på rad.
Publisert

Magnus Carlsen (28) svever over sjakkverda på ei sky der ingen skulle tru at nokon kunne bu. «Karlsson på taket», som russarane kalla han i tenåra, må no vera den beste spelaren i sjakkhistoria etter at den eine rekorden etter den andre står for fall. Carlsen har vunne åtte turneringar på rad sidan han vart verdsmeister i lynsjakk i romjola. Han har vunne alt han har delteke i i 2019, det mest aktive året han har hatt som verdsmeister.

Om Carlsen i år hadde hatt svart i kvart einaste parti, ville han likevel ha vore den beste i verda. Dette kan ein føra matematiske prov for. Sjakkstatistikaren Tarjei Jotun Svensen frå Molde har rekna ut at Carlsen med svart i 2019 spelar på ratingnivået 2879. Verdstoaren Fabiano Caruana har – med kvit og svart – eit ratingtal på 2818.

Dei to svarte

Då turneringa passerte ekvator, kom den store testen for verdsmeisteren. Han skulle spela to svarte på rad i runde 7 og 8 mot dei einaste to spelarane i verdseliten som han aldri har slege – korkje med kvit eller med svart. Fyrst ute var russaren Jan Nepomnjasjtsjij (alder 28, rating 2775). «Nepo» er ein god kamerat av Carlsen, dei har konkurrert og kjent kvarandre sidan barndomen, då russaren slo den uskolerte norske guten meir enn éin gong.

Carlsen valde ei offensiv siciliansk opning som ein annan god russar, den unge sekundanten hans frå VM i 2018, Daniil Dubov (23), har inspirert han til å spela. Verdsmeisteren fekk nokre veike felt i bondestrukturen, såkalla hòl, alt i opninga, men dette var etter planen: «Eg likar å ha desse hòla, for då må eg skapa aktivt motspel», sa han etterpå. Etter fleire bondeoffer à la Dubov i midtspelet invaderte dronninga til Carlsen kongestillinga til «Nepo».

Kvit står i sjakk. Om han tek bonden med kongen, vinn svart eit tårn etter dronningsjakk på h5. Kvit kan heller ikkje flytta kongen til e1, for då sjakkar svart på g1 og set kvit i sjakkmatt på e3 når tårnet går imellom på f1. «Nepo» gav opp partiet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement