Sjakk

Rekning mot intuisjon

Det som vil avgjera kampen om VM-tittelen, er kva som veg tyngst av Carlsens intuisjon og Caruanas variantrekning.

Publisert

Det byrja tidleg i barndomen. Seks år gamle Fabi, 17 månader yngre enn Magnus, synte omgjevnadene eit genialt hovud. Foreldra og skulen lurte på kva dei skulle gjera med guten. Matematikk var eit naturleg val, men dei valde sjakken. Vesle Fabi gjekk til oppgåva systematisk og konsentrert, som om dei 64 felta var eit matematisk problem. No, i London, skal han syna fram løysinga for resten av verda.

For vesle Magnus var det annleis. Det var ikkje Magnus som valde sjakken, men sjakken som valde åtteåringen frå Lommedalen. Det var eit godt val. Magnus leika seg fram til ei kjensle for spelet som ingen andre i sjakkhistoria.

Den strenge læremeisteren Garri Kasparov observerte utviklinga til dei to borna. Han tok kontakt med far Henrik Carlsen: «Du må få Magnus over til Moskva, så skal eg med russiske metodar skapa ein verdsmeister.» Til foreldra til Caruana sa den same Kasparov: «Det er ikkje enkelt å leva av sjakken. Sats heller på skule og matematikk.»

Dagen i dag

Når fyrste parti byrjar i London i dag, den 9. november, skriv vi sjakkhistorie og meir til. Den 9. november 1922 tok Einstein imot nobelprisen. Den 9. november 1960 vann John F. Kennedy presidentvalet i USA. Den 9. november 1989 fall Berlinmuren. Og den 9. november 1936 vart trollmannen, bohemen og sjakkverdsmeisteren Mikhail Tal fødd i Riga. Han spela sjakk som ingen annan, og røykte og drakk seg til døde med eit smil om munnen.

Verdsmeister Magnus Carlsen (27) og utfordraren Fabiano Caruana (26) har ikkje noko til felles med Tal. Vitskapen har kome for langt for trolldomskunstane til Tal på brettet. Og sporten har kome for langt til at spelarane kan festa hemningslaust utanfor brettet. Simen Agdestein plar seia: «Carlsen er så utruleg god til å sova.» «Men er du viss på at han vinn mot Caruana?» spør journalisten. «Nei, Carlsen kan jo ha ei dårleg natt, han òg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement