Sjakk

Perfeksjon ni år seinare

Magnus Carlsen (27) har aldri vore betre enn i dei tre fyrste partia i Stavanger – kan henda med unnatak av ei turnering i Kina i 2009.

Problemet til Caruana var ikkje at stillinga var så dårleg, men at det er psykisk tortur å spela passivt mot Carlsen i time etter time.
Problemet til Caruana var ikkje at stillinga var så dårleg, men at det er psykisk tortur å spela passivt mot Carlsen i time etter time.
Publisert

Det er berre tre parti, men spelet inviterer til ei historisk drøfting. Den fyrste gongen Magnus Carlsen dukka opp i Dag og Tid, var for sju år sidan i juni 2011. Den gongen heitte verdsmeisteren Vishy Anand, men i praksis hadde Carlsen vore den beste sidan han i Kina i 2009 vann ei turnering 2,5 poeng føre nummer to – med Garri Kasparov som løynd sekundant.

Frå yngre år hadde Carlsen negativ score mot Anand, men aller verst var resultata mot ukrainaren Andrej Voloktin: fire tap utan nokon siger. Dei neste åra skulle Carlsen retta opp mykje, men ikkje alt. Voloktin får nok aldri sjansen til å tapa mot Carlsen. Han er i dag rangert som nummer 11 i Ukraina og har ikkje møtt Carlsen sidan 2008.

I 2013 kom fyrst den nye turneringa Norway Chess og så ein norsk verdsmeister mot slutten av året. Turneringa i Stavanger har gjennom seks utgåver etablert seg som den sterkaste i verda, kan henda i sjakkhistoria – jamvel om det er vanskeleg å samanlikna med eliteturneringane før rating­systemet kom i 1970.

Utan Prügelknabe – ingen siger

I årets utgåve er ni av dei ti beste spelarane på plass, den lægst rangerte er veteranen Anand (47), som no er nummer 13 på verdsrankinga. Arrangementet er ei bragd frå eit lite miljø i Stavanger som merkeleg nok ikkje er identisk med sjakkmiljøet i byen. Norway Chess og sjefen Kjell Madland har lite å gjera med norsk sjakk resten av året. Madland følgde difor ikkje rådet om å invitera den norske juniorverdsmeisteren Aryan Tari (18) til start. Eit slikt trekk ville ha løyst opp spelet, då verdsstjernene hadde fått ein Prügelknabe å jakta på.

Faren med ei rein eliteturnering er at åtte av spelarane berre sit og skuler på kvarandre før dei vert samde om remis. Slik har dei òg spela i dei fyrste tre rundane. Av totalt femten parti har tretten enda i remis. Den niande deltakaren, den amerikanske verdstoaren Fabiano Caruana (25), ville trekkja seg frå turneringa etter at han vann VM-kvalifiseringa, den såkalla kandidatturneringa, i mars. Caruana ville ikkje risikera å øydeleggja den gode kjensla føre VM-kampen gjennom eit tap mot Carlsen i generalprøven … Men lukkelegvis for turneringa makta Madland å få amerikanaren til brettet. Og lukkelegvis er den tiande deltakaren, verdsmeister Carlsen, ein garantist for underhaldning.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement