Sjakk
På jobb i Aserbajdsjan
Magnus Carlsen gjorde det han måtte gjera og litt til, for å vinna i Sjamkir – den trettiande sigeren til Carlsen i lukka eliteturneringar sidan 2007.
Den store testen skulle koma i runde 7 med kvit mot leiaren Veselin Topalov.
Foto: shamkirchess.com
Den fyrste gongen ein regjarande verdsmeister spela ei turnering i Norge, fekk vi sjå korleis ein proff gjer det. Eg var «demogut», ein slags ballgut, berre utan ball. Oppgåva mi var å syna partia for publikum på store tavler, såkalla demonstrasjonsbrett. Anatolij Karpov vann i Oslo i 1984 med seks av ni poeng, tre sigrar med kvit, ingen tap, og ikkje ein einaste gong var han i tapsfare.
Sovjetrussaren Karpov var perfeksjonist, minimalist (han vann ikkje fleire parti enn naudsynt) og maksimalist (målet var alltid å vinna turneringa). Etterfylgjaren Garri Kasparov var berre det siste og vann ofte fleire parti enn han måtte, men Karpov er framleis den spelaren i historia som har vunne flest turneringar. Carlsen vil ta han att om han held fram som i Sjamkir.
Remisdauden
Carlsen har ikkje tapt eit einaste parti i år. Han byrja turneringa i Sjamkir med ein solid remis med svart og gjorde seg klår til å vinna med kvit i runde 2 mot Prügelknaben David Navara frå Tsjekkia. Då partiet enda i ein skuffande remis, måtte Carlsen freista reparera skadane med å vinna med svart i runde 3 mot heimespelaren Rauf Mamedov. Men heller ikkje denne gongen lukkast det for verdsmeisteren, som ikkje orka møta pressa etter tre remisar på rad.
Med svart i runde fire hadde Carlsen resignert. Han godtok ein snøgg remis mot nok ein heimespelar, Tejmur Radzjabov. Turneringa utvikla seg til ein PR-fiasko for toppsjakken. Carlsen kunne spakt orsaka seg med at han hadde byrja med tre svarte på fire parti, men dei ti stormeistrane spela til saman 15 (!) remisar på 15 parti etter tre rundar. I runde fire kom den fyrste sigeren ved den bulgarske veteranen Veselin Topalov (43).
Berre Topalov kjempa ved brettet i kvar einaste runde medan dei andre ni var i dvale. «Vi er ikkje artistar. Vi er på jobb», sa dei. Men, nei, det er ikkje jobben deira å halda status quo i sjakkhierarkiet med ei rekkje remisar (sjå òg stubben «frå sjakkverda» denne veka).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.