Sjakk
På innsida i ein VM-kamp
Sjakk på toppnivå er eit drama i kulissane. Magnus Carlsen har funne oppskrifta på den optimale informasjonsflyten.
Daniil Dubov, Jorden van Foreest, Jan Gustafsson og Peter Heine Nielsen var på Carlsen- laget i år, attåt franske Laurent Fressinet.
Foto frå Heine Nielsen på Twitter
Sjakk, til skilnad frå kortspel, er eit objektivt spel med open tilgjengeleg informasjon på brettet. Paradoksalt nok gjer dette kampen om tolkinga av informasjonen meir spissa og ekstrem enn i nokon vitskap.
Løynde hjelparar
Førebuingane til årets VM-kamp byrja då motstandaren var klar i slutten av april. Hovudsekundantane, danske Peter Heine Nielsen og russiske Vladimir Potkin, skulle saman med Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij setja saman kvart sitt team av løynde hjelparar.
Fyrst etter VM-kampen kom nokre namn på bordet, men heile sanninga kjem aldri fram. Det finst ganske sikkert løynde hjelparar som framleis held på anonymiteten, av omsyn til sjefen eller eigen karriere og ulike oppdrag i framtida.
Hovudgrunnen til at hjelparane er anonyme før og under VM-kampen, er at alle stormeistersekundantar har sin eigen stil, sine favorittopningar. Då Carlsen etter VM-sigaren fortalde at Jan Gustafsson (42) var i teamet, skjøna vi at tyskaren hadde hatt ansvar for den spanske svartopninga til verdsmeisteren, den viktigaste forsvarsstrategien mot Nepomnjasjtsjij (mot Caruana i 2018 satsa Carlsen heller på siciliansk med svart).
I dag er dataprogramma betre enn sekundantane, så kva kan hjelparane gjera? Mykje. Dei arbeider 15–16 timar i døgeret. Det finst ikkje fridagar for sekundantane under VM-kampen. Dei veit at teamet til motstandaren har tilgang på informasjon om datatrekk på eit nivå ingen vil kunne verja seg mot i praktisk spel. Dei må finna smale stiar i variantjungelen som gjer at sjefen overlever opninga som svart og får sjansar til føremon med kvit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.