Sjakk
Nesten perfekt
Duellen i London er på eit høgare nivå enn nokon gong tidlegare i VM-historia, men bak perfeksjonen ligg djevelen på lur i detaljane.
Verdsmeisteren kjempar med alt han har for plassen sin øvst i historiebøkene mot ein utfordrar som spelar nesten perfekt computersjakk.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Det er lett å gjera narr av remisdauden i London. Men fenomenet er ikkje heilt ukjent. «Dei som er overraska over alle remisane mellom nummer éin og to i sjakkverda, er dei same som vert overraska over en passant-regelen», kommenterte det rumenske sjakk-orakelet Olimpiu Urcan. I 1995 fekk Vishy Anand den fyrste sigeren i det 9. partiet mot Garri Kasparov. VM-kampen opna seg, og russaren kom attende med to sigrar på rad i parti 10 og 11. I London kunne Magnus Carlsen ha vunne det fyrste partiet, og alt hadde vore annleis. Men alle som fylgjer TV-sendingane, veit at spaninga stig for kvart remisparti.
Femte parti
Det gjekk eit gisp gjennom publikum og TV-studio alt etter seks trekk. Caruana ofra ein bonde på flanken i anden til romantikarane på 1800-talet. Carlsen sende motstandaren eit langt blikk: «Så du vil ha blod i kveld?» Caruana såg smålåten ned på brettet, men trekket hans var det mest aggressive frå dei fire VM-kampane til Carlsen sidan Chennai 2013. Ein av dei faktorane som gjer denne VM-kampen så intens og jamn, er at Caruana ikkje ottast verdsmeisteren. I alle høve ikkje på brettet. På pressekonferansane er Carlsen framleis sjefen.
Caruana–Carlsen, 5. parti etter det 6. trekket til kvit.
Carlsen tenkte nokre minuttar før han tok bonden på b4 med springaren. Dei neste ti trekka kom snøgt frå Caruana, medan Carlsen spela rolegare. Stormeisterkommentatorar genierklærte Carlsen då han fann det presise computerforsvaret og gav attende to bønder for å koma inn i eit dynamisk sluttspel der svart stod aktivt.
Det var fyrst på pressekonferansen etter partiet at ekspertane byrja tvila. Fann Carlsen desse trekka ved brettet, eller var han førebudd? Nytta han tid berre for å kontrollrekna varianten og kan henda lura Caruana til å tru at han ikkje kjende til bondeofferet det 6. trekket? «Ingen kommentar», sa Carlsen for fyrste gong i London. Det psykologiske spelet om opningane held fram, men Carlsen-leiren har tydeleg lagt ned mykje arbeid med svart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.