Sjakk
Magnus Carlsen dikterer spelet
Magnus Carlsen spelar strålande i Sjamkir, turneringa han alltid vinn.
Carlsen har vore med i denne turneringa tre gonger tidlegare – i 2014, 2015 og 2018 – og har vunne kvar gong.
Foto: Shamkir Chess
Det er noko mystisk med det muslimske oljelandet Aserbajdsjan, sjakknasjonen der jødisk-armenske Garri Kasparov voks opp og som han flykta frå i all hast i 1990. Pengesterke Aserbajdsjan, storebror i Kaukasia, har 10 millionar innbyggjarar – dobbelt så mange som den fattige kulturnasjonen Georgia og meir enn tre gonger så mange som lutfattige vesle Armenia, ein av dei eldste kristne sivilisasjonane. Eg las dei fascinerande reiseskildringane til Erika Fatland (til dømes Grensen frå 2017), men då ho kom til Aserbajdsjan, skjedde det ikkje noko særleg av interesse. Det var i seg sjølv fascinerande.
Eg sa til ein kamerat frå Aserbajdsjan at eg ville dra til landet og sjå barndomsheimen til Kasparov. «Jeg vet ikke om det er noe særlig – for å være ærlig», svara han på bokmål. På nettet fann eg ein video frå ein sjakkturist på jakt etter minne om den armenske oppvoksteren til Kasparov i Baku – og det var ikkje noko særleg, for å vera ærleg (aserbajdsjanarar og armenarar hatar jo kvarandre). Men så er det Magnus Carlsen, då – han elskar jo dette landet. «Her er det lett å konsentrera seg om sjakken», seier Carlsen. «Når skal du gifta deg?» spurde aserbajdsjanarane på den fyrste pressekonferansen. «For tida er eg gift med sjakken», svara Carlsen.
Den nye superturneringa deira blir spela for sjette året på rad, ikkje i hovudstaden Baku ved Kaspihavet, men i innlandsbyen Sjamkir – i det moderne Aliev-senteret som diktatorsonen Ilham Aliev har reist til minne om diktatorfaren Gejdar Aliev. Carlsen har vore med tre gonger tidlegare – i 2014, 2015 og 2018 – og har vunne kvar gong.
Alltid remis
Aserbajdsjanaren Tejmur Radzjabov (32) er ufri på heimebane. Han spelar heilt utan vilje til å ta risiko og har ikkje vunne eit parti i Sjamkir sidan 2014, då han slo Carlsen. Aserbajdsjanaren er ein farleg motstandar mot nett Carlsen av di verdsmeisteren freistar vinna, gjerne òg med svart. Slik var partiet deira i fyrste runde typisk: Carlsen spela offensivt med svart, tok litt for store sjansar og fekk nokre vanskar som han til slutt løyste til remis. «I den beste tradisjonen frå det sovjetiske byråkratiet skapte eg problem for meg sjølv som eg deretter løyste med kløkt», sa den russiske stormeisteren Peter Svidler ein gong. Dette har Carlsen vore gjennom mange gonger før.
To gigantar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.