Sjakk

Magien var ikkje borte

Etter ei veke med perfeksjon frå verdsmeisteren byrja motstand­arane gje etter i Wijk aan Zee, og Carlsen gjekk opp i leiinga tre rundar før slutt.

Alt er som det skal vera i sjakkverda, skriv Atle Grønn.
Alt er som det skal vera i sjakkverda, skriv Atle Grønn.
Publisert

Ein kunne spørja om magien til Magnus Carlsen (28) var borte etter alle remisane – den nye verdsrekorden i klassisk sjakk med 21 remisar på rad frå oktober 2018 til midten av januar 2019. Men så losna det i den femte speletimen i sluttspelet mot verdstrearen Sjakhrijar Mamedjarov. Aserbajdsjanaren var den siste som slo Carlsen i klassisk sjakk, i juli 2018. Han vart den fyrste i verdseliten som no skulle kjenna på sluttspelmagien til «nye» Carlsen. Men den nye Carlsen er sjølvsagt berre ei litt betre utgåve av den «gamle» Carlsen, slik han vann partia sine for 4–5 år sidan. «Magnus anno 2014 er favorittspelaren min», svara han sjølv i haust på spørsmålet om kven som er den beste i sjakkhistoria. No er «Magnus anno 2019» ein god kandidat.

Vendepunktet

Her kom vendepunktet mot Mamedjarov i runde 6:

Carlsen–Mamedjarov. Carlsen spela eit fantastisk trekk: lauparen til feltet c4.

Carlsen skjøna noko paradoksalt: den kvite b-bonden kjem snøggare ned på sisterada og vert dronning enn den kvite a-bonden. Slikt er nesten umogleg for eit menneske å skjøna når ein ser at a-bonden er komen to steg lenger fram. Det er i slike augneblinkar ein ser venleiken i sjakken, at fire steg er mindre enn to når lauparen flyttar frå b5 og gjev b-bonden fritt leide. Det mest utrulege i denne stillinga, og det som gjorde at Mamedjarov gjekk feil eitt trekk tidlegare, er likevel noko anna: at den kvite kongen ikkje vert sjakk matt av dei svarte bøndene og tårnet. Men slikt har Carlsen og datamaskinane kontroll over.

I neste runde mot den unge russaren Vladimir Fedosejev (23) fekk Carlsen nokre problem i opninga som svart og måtte gå inn i eit tårnsluttspel med bonde under. For ti år sidan, i 2009, tapte han heilt det same sluttspelet mot Levon Aronjan. Men no har han lært og demonstrerte for stormeisterkollegaene som følgde partiet verda over, korleis ein held ei slik stilling til remis. «Det går framover», sa hovudpersonen nøgd etterpå. «For å halda motivasjonen oppe må han læra noko nytt i kvart parti», seier pappa Henrik Carlsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement