Sjakk

Kynikar som elskar sjakk

Magnus Carlsen er meir kynisk enn for fem år sidan, men spelegleda er den same.

Dramaturgien var perfekt då Giri, nummer fire på verdsrankinga, skulle spela kvit på heimebane mot nett Carlsen i den siste og avgjerande runden.
Dramaturgien var perfekt då Giri, nummer fire på verdsrankinga, skulle spela kvit på heimebane mot nett Carlsen i den siste og avgjerande runden.
Publisert

Det er framleis noko barnleg over verdsmeisteren på 28 år. Ein må attende til den 23 år gamle verdsmeisteren Mikhail Tal i 1960 for å finna ein meister som baud slik på seg sjølv. Ein Carlsen eller ein Tal seier aldri nei til ei utfordring på sjakkbrettet, same kva formatet måtte vera (lyn, hurtig, klassisk, simultan, blindsimultan osb.).

Carlsen elskar sjakk – men han samlar òg systematisk på fyrsteplassar. På spørsmålet om kva som ventar han etter sigeren i Wijk aan Zee, vart han trist: «Det ser diverre ut til at eg ikkje skal spela klassisk sjakk før Grenke-turneringa i Tyskland mot slutten av april, men eg vonar det kjem nokre invitasjonar før det.»

Verdsmeisteren er i form og vil syna seg fram. Rett nok har det vore ei travel tid: VM i klassisk sjakk i november, VM i snøggsjakk og lynsjakk i desember og no tre veker i den forblåsne nederlandske landsbyen ut mot Nordsjøen.

Opningsfrukta

I det fyrste partiet med svart i VM-kampen London gjorde Carlsen eit trekk som fekk sjakkverda til å jubla: Som svar på kongebondetrekket til Caruana spela Carlsen lauparbonden to steg fram i ei siciliansk opning. Verdsmeisteren hadde førebudd Tsjeljabinsk-varianten, oppkalla etter sovjetiske analytikarar (med Jevgenij Svesjnikov som den mest kjende) ved Uralfjella på 1970-talet. Opninga er strategisk risikabel, men av Kasparov rekna som den siste store oppdaginga i sjakkhistoria.

Carlsen spela ofte slik i ungdomen, men i VM-kampane mot Anand og Karjakin valde han konsekvent kongebonden med svart (spansk opning) og vart verdsmeister med denne strategisk solide opninga. Til VM-kampen mot Caruana hadde Carlsen førebudd noko som ser ut som eit paradigmeskift, der han med siciliansk som svart tek mykje større risiko. Samstundes har han ikkje tapt ein einaste gong i desse sicilianske strukturane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement