Sjakk

Inviterte, betalte og leverte

Magnus Carlsen er snøgg. Verdsmeisteren pønska ut eit nytt konsept som gav han ein ny siger.

Nivået på sjakkpartia i The Magnus Carlsen Invitational var kan henda lægre enn vanleg, men intensiteten og spaninga var høgre.
Nivået på sjakkpartia i The Magnus Carlsen Invitational var kan henda lægre enn vanleg, men intensiteten og spaninga var høgre.
Publisert

Medan alle sat heime framfor skjermane sine, greip Carlsen sjansen og stabla på beina The Magnus Carlsen Invitational på Chess24.com, plattforma han sjølv eig. For at publikum og spelarane skulle ta initiativet alvorleg, måtte pengepremiane vera høge: 250.000 dollar på åtte spelarar. Ingen andre i sjakkverda enn Carlsen har musklar og kreativitet til noko slikt.

Spelarane var dei åtte mest interessante namna i 2020: Dei fem fyrste på verdsrankinga – Carlsen, Caruana, Ding Liren, Nepomnjasjtsjij og Vachier-Lagrave (dei to sistnemnde leier den fysiske og avbrotne kandidatturneringa) – og munnrappe Giri, lynsjakkfantomet Nakamura og kometen Firouzja. Spelarane sat heime i kvar si stue med kamera i alle vinklar for å unngå mistankar om juks, men dei kan garantert lita på kvarandre i den absolutte verdstoppen, der dei kjenner kvarandre som brør. Nivået på sjakkpartia var kan henda lægre enn vanleg, men intensiteten og spaninga var høgare.

Sårbar

Carlsen utfordrar seg sjølv og byr på seg sjølv. Ingen verdsmeister i historia har gjort noko liknande: å invitera dei hardaste motstandarane til eit heilt nytt format. Carlsen hadde alt å tapa, både prestisje og pengar. Og Carlsen er sårbar, som når han på den fyrste speledagen taper båe svartpartia i snøggsjakk mot Hikaru Nakamura. Men så vinn han båe kvitpartia, og på stillinga 2–2 tek han til slutt armageddonsigeren i lynsjakk.

Eg trudde Carlsen ville vinna denne turneringa ganske lett. Han har nemleg tenkt ut formatet for å kåra den beste sjakkspelaren – punktum. Eit dårleg trekk eller eit einskilt dårleg parti har lite å seia i ei turnering der ein duellsiger 2,5–1,5 gjev same utteljing som 4–0. Carlsen taper jo nesten aldri (sist gong i klassisk sjakk i juli 2018). Jamvel om dette var snøggsjakk, var det vanskeleg å tru at Carlsen kunne tapa to parti mot same motstandar på éin dag. Men det var nettopp det som skjedde alt fyrste dag mot Nakamura.

Så kom ei ny nestenulukke i 2. runde mot det 16 år gamle iranske geniet som spelar under FIDE-flagg. Carlsen hadde bestemt seg for å slå Alireza Firouzja 4–0, etter at han ei veke tidlegare hadde tapt ein nettduell med over 200 parti mot gutungen i eittminuttslynsjakk (sokalla bullet). 16-åringar er rett og slett ein hundredel snøggare med datamusa enn 29-åringar, men med 15 minutt på partiet og 10 sekund i tillegg per trekk, skulle ikkje det ha noko å seia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement