Sjakk

Hysj!

Mellom alle remisane i Sinquefield Cup skapte verdsmeisteren intrigar og dramatikk med gestane sine og ein naturleg autoritet.

Publisert

Magnus Carlsen (27) og VM-utfordrar Fabiano Caruana (26) spelar godt for tida. For fyrste gong i sitt vaksne liv er ikkje Carlsen den klårt beste turneringsspelaren i verda. Caruana har vore minst like god i 2018. Resultata og spelet til amerikanaren har imponert mest den siste tida – med eit viktig unnatak: Caruana har ikkje vunne eit einaste parti mot Carlsen sidan 2015. Når dei sit andlet til andlet, er Carlsen framleis den dominerande spelaren og bruser med fjørene.

Dårleg trekKing

Sjakk er ikkje loddtrekking. Prestisjen til sjakkspelet er knytt til fråværet av flaks og uflaks. Alt er opp til deg sjølv. Men på høgt nivå er det dei små detaljane som avgjer, og skilnaden på kvit og svart kan vera som dag og natt. Carlsen fekk på dei ni rundane fem svarte og fire kvite parti. Berre uflaks, sjølvsagt, og difor litt irriterande.

I dei fire fyrste rundane hadde Carlsen tre svarte parti. Han spela aggressivt og dynamisk, men utan å ta altfor store sjansar. Resultatet vart OK, men ikkje meir: tre remisar. Då vart det viktig å få noko ut av kvitpartiet i 2. runde mot den tidlegare VM-utfordraren Sergej Karjakin (28). Her fann Carlsen attende til urkrafta som gjorde han til den han er i sjakkhistoria: Han fekk ei lik stilling etter opninga, ein mikroskopisk føremon i midtspelet, og så berre sat han der i time etter time. Carlsen maktar på kreativt vis – som ingen andre – å halda på ubalansen i stillinga slik at motstandaren ikkje kan forsera fram ein remis. I den sjuande speletimen kom den avgjerande feilen til Karjakin.

Mellomspel

Etter planen skulle Carlsen gjera det same med kvit i 5. runde mot Wesley So. Stillinga såg lovande ut, men amerikanaren verja seg perfekt til remis. Verdsmeisteren måtte rosa motstandaren etter partiet: «Når dei spelar så godt, er det ikkje noko eg kan gjera.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement