JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Han som ser heile brettet

Carlsen er framleis den spelaren alt sirklar rundt i sjakkverda. I Zagreb er han i delt leiing
etter strålande spel den fyrste veka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Magnus Carlsen konsentrerer seg om sjakken i Zagreb.

Foto: Lennart Ootes

5045
20190705

Grand Chess Tour Croatia. Zagreb.
26. juni–7. juli 2019.

12 spelarar (alle mot alle).

1. runde: Giri – Carlsen 0–1

2. runde: Carlsen – Anand O–O

3. runde: Caruana – Carlsen O–O

4. runde: Carlsen – Mamedjarov O–O

5. runde: Karjakin – Carlsen O–O

6. runde: Carlsen – Nakamura 1–0

Stillinga etter seks av elleve rundar:

1 So, Wesley 4 Nepomnjasjtsjij, Jan 4
Carlsen, Magnus 4

4 Caruana, Fabiano 3.5
Ding, Liren 3.5
Aronjan, Levon 3.5

7 Anand, Viswanathan 2.5
Karjakin, Sergej 2.5
Vachier-Lagrave, Maxime 2.5

10 Giri, Anish 2
Mamedjarov, Sjakhrijar 2 Nakamura, Hikaru 2

Nesten ingen ute i sjakkverda bryr seg om spele­monopolet til Norsk Tipping. «Ta dei 50 millionane frå gamblarane og spring for livet», ville nok russarane og amerikanarane ha sagt. Men nyhendet om at Stavanger, etter press frå Carlsen-leiren, er uaktuell som arrangørby for VM-kampen i 2020, vekte den svevntunge internasjonale sjakkverda. Alle spekulerer, men ingen skjønar heilt kva som har skjedd.

Kor som er, i norsk sjakk går vi alle rundt og bit negler for tida. Vi lever våre sjakkliv på sosiale medium der kommentarane haglar heile døgeret. Simen Agdestein og andre stormeistrar ringer meg og fortel at dei ikkje får sova, dei maktar ikkje lenger rekna sjakkvariantar, dei mister morsmålet dei har fått frå sjakkgudinna Caïssa. Men hovudpersonen sjølv, Magnus Carlsen, han er heilt roleg.

Då rabalderet byrja for nokre veker sidan, spurde eg meg sjølv: «Vil eg følgja partia hans som før?» Svaret no er: «Ja, nesten.» Eg heiar framleis på Magnus, godguten vår. Eg må ovundra hovudet hans, sjakkpsyken hans. Korleis kan han konsentrera seg om sjakken i Zagreb når Sjakk-Noreg står i brann?

«Geometrisk geni»

Sanninga er at Carlsen spelar like godt no, i Kroatia, som han har gjort i heile år. Det fyrste partiet med svart mot Anish Giri, nederlendaren som er rangert som nummer fire i verda, vart ei oppvisning som gjorde den tidlegare verdsmeisteren Garri Kasparov blank i augo.

Giri–Carlsen, runde 1.

Kasparov, som vart kroatisk statsborgar då Putin jaga han ut av Russland i 2014, var på plass i Zagreb og kommenterte trekket til Carlsen i diagramstillinga. «Skilnaden på Carlsen og Giri er at Carlsen ser heile brettet», sa Kasparov. Carlsen flytta dronninga til hjørnet på a8, der ho peika ned mot feltet g2 og den kvite kongen. I dei neste par trekka gjekk Carlsen framover med randbonden på h5, fyrst til h4 – og så vidare til h3. Kvit gav opp etter berre 23 trekk, då åtaket mot kongen vart for sterkt.

Hans Olav Lahlum plar seia at «Carlsen er eit geometrisk geni». Carlsen protesterer og seier at han ikkje skjønar kva det tyder. Poenget til Lahlum er vel at når dronninga går horisontalt frå d8 til a8 for å peika diagonalt ned til g2, så høyrest det ut som geometri. Og når matematikken fungerer og Giri vert matt, så er «geometrien» genial.

Fire remisar

Dei neste fire partia enda i remis, men Carlsen gav alt i kvart einaste trekk. Det hender at motstandarane verjar seg godt i 4–5 timar og bergar remisen utan at Carlsen kan gjera stort. Men mot Vishy Anand hadde Carlsen sigeren inne, då den indiske veteranen fann ei nesten mirakuløs redning i sluttspelet.

Det mest interessante remis­­partiet kom mot aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov i runde fire. Kasparov smilte og riste lett på hovudet: «Dette er ikkje Carlsen, han spelar jo utan hovud som ein Tal eller ein Kasparov!» «Kvifor spelar ikkje Carlsen som Carlsen?» ville reporteren veta. «Problemet til Carlsen er at han så gjerne vil vinna, men for å vinna må ein av og til ta ein stor risiko, slik eg lika å spela i mi tid», forklåra Kasparov.

Carlsen–Mamedjarov, runde 4.

I midtspelet ovanfor hadde Carlsen ein naken konge i sentrum, han kjempa for livet. Mamedjarov er den siste spelaren som har slege Carlsen i klassisk sjakk, for eit år sidan i juli 2018. No kunne han, kan henda, få ein ny siger. Men etter det Carlsen sjølv kalla eit episk drama, enda partiet i remis i det 59. trekket, då alle brikkene var slegne ut. Mamedjarov var nøgd. «Spela du for remis?» spurde den amerikanske stormeisteren og sjakkjournalisten Maurice Ashley. «Nei, eg spela for siger. For om ein spelar for remis mot Carlsen, så taper ein; og om ein spelar for siger, vert det kanskje remis.»

Ein kald fisk

I runde 6 med kvit mot amerikanaren Hikaru Nakamura kunne ein sjå klasseskilnaden på spelarane i andletet deira. Carlsen var konsentrert og morsk; Nakamura var ukonsentrert og distré. Carlsen nytta mykje tid, Nakamura spela snøgt. Carlsen rekna variantar på variantar, Nakamura tenkte mest at han snart skulle få ein ny remis. I det 21. trekket kom reknefeilen frå amerikanaren. Carlsen heldt hovudet kaldt og vann eit perfekt parti.

Verdsmeisteren vår er ein kald fisk. Det er umogleg ikkje å lika sjakktrekka hans.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Dette er ikkje Carlsen, han spelar jo utan hovud som ein Tal eller ein Kasparov!»

Garri Kasparov

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis