Sjakk

Finst det liv etter Carlsen?

Magnus Carlsen er framleis stjerna, men han får motstand i Norway Chess frå ein gamal indar og ein ung landsmann.

Carlsen byrja turneringa tregt med to remisar mot Wang Hao og Wesley So. Då var det veteranen Anand som stod for underhaldninga.
Carlsen byrja turneringa tregt med to remisar mot Wang Hao og Wesley So. Då var det veteranen Anand som stod for underhaldninga.
Publisert Sist oppdatert

Vi som er norske brikker i «Magnus Carlsens sjakk», møtest denne veka i Stavanger. Det er den tiande utgåva av Norway Chess, flaggskipet i norsk sjakk. Kan ein tru på ti år til? TV 2 sender alle trekka til Carlsen året rundt (minus VM-sjakken på NRK). Høgdepunktet for kommentatorstormeisteren Jon Ludvig Hammer, som lever av å kommentera barndomsvenen, er det årlege toppmøtet i Stavanger.

I Dag og Tid har eg skrive om Carlsens sjakk i tolv år. Kan ein tru på eit dusin til? Om ei veke byrjar kandidatturneringa som skal kåra den neste VM-utfordraren, men Carlsen har sagt at han mest sannsynleg vil seia frå seg tittelen utan spel. Ti år som verdsmeister er nok.

Eg kan skjøna Carlsen. Han har vunne alt og dessutan skipa det som under pandemien vart eit milliardimperium, PlayMagnus. Men marknaden er skeptisk til dei som alt har nådd toppen, og børsverdien skal no ha krope ned til berre ein halv milliard, ifylgje E24.

Stjernene med X-faktor vantar både i Noreg og internasjonalt. Kan henda er eg litt streng, men alt og alle bleiknar mot Carlsen. Sjølv Carlsen bleiknar. Han seier at favorittspelarane hans er «Carlsen anno 2014» og «Carlsen anno 2019».

Svaret må difor vera at det ikkje finst liv etter Carlsen. Dei fleste av oss brikker i dansen kring gulloksen må berre lukka auga, halda pusten og ta ein sesong om gongen.

Gamal og genial

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement