Sjakk

Er Carlsen framleis best?

Den fyrste fysiske turneringa på over tre månader vart ein opptur for sjakkverda med ein sensasjonell nederlandsk siger – og ein nedtur for verdsmeisteren.

Etter åtte rundar var det klart: Sundag 24. januar, rett nok uoffisielt, var ikkje Carlsen lenger best i verda.
Etter åtte rundar var det klart: Sundag 24. januar, rett nok uoffisielt, var ikkje Carlsen lenger best i verda.
Publisert

Tata Steel-turneringa i den nederlandske landsbyen Wijk aan Zee er sjakkens Wimbledon. Magnus Carlsen har spela der 17 gonger og vunne toppgruppa sju gonger, ein rekord som ikkje vil bli slegen i vår tid.

Utruleg keisamt

Det siste tiåret, då Carlsen var i 20-åra, dominerte han toppsjakken med ein kasparovsk energi. Før han sjølv vart meister, kritiserte han dei røynde verdsmeistrane Kramnik og Anand, som frå tid til anna kunne spela som trøytte, gamle menn. «Eg skal vera ein annan verdsmeister», sa jyplingen. Og det vart han. I fjor vann Carlsen det meste i diverse nettformat, før han òg vann Norway Chess fysisk i Stavanger, men så fylte han 30 år den 30. november 2020. Same dag tapte han ein nettfinale mot Wesley So. Dei neste netturneringane gjekk endå verre, og etter åtte rundar i årets Tata Steel hadde Carlsen berre fire poeng, og han låg midt i feltet.

Det som uroa fansen hans mest, var at nedturen ikkje var ein slump. Idéturka til 30-åringen var høgst reell. Eg sat med ei kjensle av at Carlsen var på veg mot å verta ein Anand eller Kramnik. Carlsen spela så utruleg keisamt, slik verdsklassespelarar kan gjera når dei vil spara energi – men slik den unge Carlsen, Fischer eller Kasparov aldri gjorde.

Ungt blod

Det byrja bra. I fyrste runde mot persiske Alireza Firouzja (17) ofra Carlsen den eine brikka etter den andre. I sluttstillinga var han eit tårn under, men motstandaren var berre eit par trekk frå sjakkmatt:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement