Sjakk

Ekte vare (i mahogni)

Norway Chess er den fyrste klassiske eliteturneringa i sjakkverda sidan mars i år – med ein storslegen norsk duell.

Den gamle kjensla av materiale i tre. Aronjan og Carlsen før fyrste trekk i fyrste runde..
Den gamle kjensla av materiale i tre. Aronjan og Carlsen før fyrste trekk i fyrste runde..
Publisert

Magnus Carlsen og selskapet han skipa i 2013, Play Magnus, går på Oslo Børs og prisar seg sjølv til 1,1 milliardar kroner, skriv VG denne veka. Det er den største økonomiske satsinga i den 1500 år lange sjakkhistoria. Korleis dei skal tena pengar, veit eg ikkje, men alt skal gå snøgt, og alt skal vera digitalt. Då er kontrasten stor til Norway Chess, som òg vart skipa i 2013. Turneringa i Stavanger står for ein heilt annan type sjakk: det langsame, tradisjonelle duellspelet med brikker og brett i dei finaste tresortane som mahogni og løn.

Sams for dei to hendingane no i oktober er merkevara Magnus Carlsen, som vart verdsmeister i 2013 – året då eit par millionar nordmenn fekk augo opp for dette trauste produktet med den rike historia.

Ungt blod

For å minka risikoen for smitte og slikt er feltet i Stavanger i år redusert frå ti til seks mann, men med éin runde meir enn før sidan spelarane møter kvarandre to gonger, både med kvit og med svart. Feltet er godt komponert: Dei to beste i verda, Carlsen og Caruana, og veteranen Aronjan på den eine sida og tre unge, nye namn på den andre: Polakken Jan Krzysztof Duda (22), statslause Alireza Firouzja (17) og vår eigen juniorverdsmeister frå 2017, Aryan Tari (21).

Eit lite poeng for dei lingvistisk interesserte er at Firouzja og Tari kan kommunisera med kvarand­re på morsmålet persisk. Meir interessant er det sjølvsagt at Tari som nordmann og klubbkamerat i Offerspill set eit ekstra press på Carlsen. I 2015, sist gong Carlsen møtte ein nordmann i Norway Chess, tok han altfor stor risiko og tapte mot barndomskameraten Jon Ludvig Hammer.

Handtrykket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement