JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Eit sjakkdrama som endra VM-historia

Verdsrekorden i det sjette partiet knekte den russiske VM-utfordraren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carlsen kunne ikkje tru det han såg i parti 8, medan motstandaren forskansa seg i pauserommet.

Foto: Eric Rosen / FIDE

8807
20211210

VM-kampen
Dubai, Dei sameinte arabiske emirata.
26. november–14. desember 2021

VM-kampen vert spela over 14 parti. Vinnaren er fyrste spelar til 7,5 poeng. Ved sluttresultat 7–7 vert det omspel i snøggsjakk den 15. desember for å kåra verdsmeisteren.

VM-kampen vert send direkte på NRK.

Det ville vore historielaust å seia at Carlsens femte VM-kamp sidan 2013 har vore spesielt dramatisk. Dramaet var større mot Karjakin (2016) og Caruana (2018), der duellane gjekk til omspel. Fischer, Karpov og Kasparov har òg gjeve sjakkverda meir spaning. Men sidan Steinitz vann den fyrste offisielle verdsmeisterskapen i 1886, har det aldri vore spela noko liknande som det sjette VM-partiet mellom Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij.

Sjette parti

Partiet hadde alt, inkludert ein verdsrekord: Det er det lengste partiet i VM-historia, med 136 trekk. Viktor «den grufulle» Kortsjnoj sette verdsmeister Anatolij Karpov patt etter 124 trekk i 1978. Men Carlsens rekord førte til siger og endra alt. I eit større perspektiv gav partiet oss ny tru på klassisk sjakk og den tradisjonelle VM-duellen over nokre veker i haustmørkeret.

Den mest lokale endringa kom i sofaen til Ola Nordmann denne fredagskvelden. Partiet varte i sju timar og 45 minutt, med TV-sending i åtte og ein halv time. «Dei har spela i nesten sju timar!» sa NRK-kommentator Torstein Bae – og bomma med éin time. Slik er berre den klassiske sjakken: Ein time frå eller til, kva gjer det. Det er difor tradisjonsbundne sjakkspelarar elskar langsam sjakk, det er ei form for meditasjon der ein gløymer tida og verda.

Nepomnjasjtsjij vil aldri kunne gløyma dette partiet. Diverre for russaren kunne han ikkje rista partiet av seg den fyrste natta, den andre natta, den tredje natta … Carlsen, som er kjend for å sova som ein stein (hans fremste eigenskap som sjakkspelar, ifylgje Simen Agdestein), fekk heller ikkje sova etter det sjette partiet. Inntrykka var for sterke.

Partiet var minst «tre parti i eitt». 136 trekk delt på 3 = 45 trekk, normallengda på eit hardt parti. Sigeren til Carlsen var ikkje berre eitt poeng i tabellen. Det var i praksis tre poeng. «Eg hadde ikkje vunne parti 8 om eg ikkje hadde vunne parti 6», sa Carlsen seinare. Og det same kunne ein seia om parti 9.

For Nepomnjasjtsjij var det sjette partiet fullt av kontrafaktisk historieskriving. Han spela godt i opninga med svart (faktisk). Han gav to tårn mot dronning etter dristig spel (faktisk). Men kvifor tok han ikkje den kvite bonden i trekk 35 med føremon til svart (kontrafaktisk)? Kvifor flytta han dronninga i trekk 52 når han hadde ei remisfestning (kontrafaktisk)?

Svaret på desse og andre spørsmål er å finna i vinnarviljen til Carlsen. Når alle andre ville ha akseptert remis, heldt Carlsen presset oppe. Gong på gong. I time etter time. Carlsen var sjølv pressa på klokka, men han nekta å godta remis. Ingen VM-utfordrar kan gjera 136 feilfrie trekk på rad, så til slutt kom sigeren:

Carlsen–Nepomnjasjtsjij (parti 6, sluttstillinga med svart i trekket)

Det er ei uvanleg vakker slutt­stilling. Berre sjå på materiellet: Svart har éi dronning (9 poeng), medan kvit har eitt tårn (5 poeng), éin springar (3 poeng) og to bønder (2 poeng). Berre seks trekk tidlegare (i trekk 130) sa dataprogramma at stillinga var teoretisk remis. Så den siste, avgjerande feilen til Nepomnjasjtsjij kom etter sju og ein halv time. Ofte er slike sluttspel – som i seg sjølv er eit særs uvanleg syn – remis av di dronninga sjakkar kongen i det uendelege. Kvifor er ikkje diagramstillinga remis? Av di den kvite kongen kan gøyma seg på g8, bak springaren og tårnet!

Carlsen strålte av lukke. Verdsmeisteren hadde vunne sitt fyrste klassiske VM-parti på fem år, etter 19 remisar på rad gjennom tre VM-kampar i 2016, 2018 og 2021.

Det sjuande partiet

Ingen av spelarane hadde fått sova. Russaren kjende presset. «Det hadde vore trist med nok ein remis, men dette var endå tristare», skreiv russiske Sport Ekspress etter det sjette paritet. Kommentarane frå russiske sjakkspelarar kom som hagl på internett: «Det finst ikkje ei russisk bestemor som ikkje skjønar at ein ikkje kan spela slik mot Carlsen», sa dei som meinte Nepomnjasjtsjij burde ha spela avventande på remis.

Men dei beste, som Kramnik og Kasparov, skjøna at tapet til Nepomnjasjtsjij var eit resultat av det psykologiske presset frå Carlsen. Kor som er, Nepomnjasjtsjij hadde ikkje energi til å gå til åtak med kvit i parti sju og styrte ei spansk opning til remis.

Det åttande partiet

Carlsen var framleis trøytt og valde ei roleg opning med kvit. Nepomnjasjtsjij spela solid i åtte trekk, ei såkalla russisk opning med kongebonden, men i staden for å byta dronningar i trekk 10 inviterte russaren til eit meir komplisert midtspel. Den russiske strategien må ha vore å unngå sluttspel utan dronningar kosta kva det kosta ville. Strategien var ein fiasko.

Carlsen vakna til liv, medan Nepomnjasjtsjij vart svevntung og baktung. Russaren miste konsentrasjonen og kasta ut eit bondetrekk, årets fyrste grove VM-bukk:

Carlsen–Nepomnjasjtsjij (parti 8, kvit i trekket etter bukken til russaren)

Svart trugar lauparen, men kvit har ein mellomsjakk med dronninga til a3. Etterpå kan kvit ta bonden på a7 med trugsmål mot lauparen på d7 og trugsmål om matt på åttanderada. I ein variant som ikkje er altfor lang, vinn difor kvit ein bonde. Carlsen såg gjennom bukken til Nepomnjasjtsjij på eitt sekund og skjøna ikkje kva russaren dreiv med. Han skjøna berre at barndomskameraten, som gøymde seg på kvilerommet, framleis var i ulage etter parti 6. Det tok lang tid før Nepomnjasjtsjij kom attende til brettet.

Stakkars Nepomnjasjtsjij orsaka seg etter partiet og sa at han hadde spela under stormeisternivå. Det stemmer ikkje. Då eg møtte Carlsen i siste runde i noregsmeisterskapen i 2005, vart eg matt i 24 trekk. Ikkje kom her og fortel meg korleis ein spelar under stormeisternivå! Men som Kramnik sa: «Det er Carlsens geni som får motstandaren til å spela langt under sitt vanlege nivå.»

Sigeren i parti 8 er den enklaste Carlsen har hatt i klassiske VM-kampar, men alt i neste parti skulle historia gjenta seg.

Det niande partiet

Å liggja under 5–3 er eit mareritt på dette nivået. Nepomnjasjtsjij måtte byrja vinna med kvit. Russarane sende bod på Sergej Karjakin i Moskva og flaug han til Dubai før partiet. Nepomnjasjtsjij skifte opning i det niande partiet frå kongebonden (spansk) til lauparbonden (engelsk). Det var eit godt val. Stillinga i midtspelet var sjanserik og dynamisk, noko heilt anna enn den spanske inkvisisjonen frå dei fire fyrste kvitpartia til Nepomnjasjtsjij.

Men Carlsen med sjølvtillit spela aggressivt og kjettersk i den engelske opninga som gjekk over i ein stillingstype kjend frå studium av den slovakiske meisteren Réti for hundre år sidan. Nepomnjasjtsjij spela snøgt, vann ein bonde og forsvann nøgd inn på kvilerommet.

Carlsen grubla over stillinga. Han visste kva som stod på spel, og heldt seg ved brettet, jamvel om stolen overfor han stod tom. Det tok berre nokre minutt før Carlsen skjøna at han ville klara remis jamvel om russaren hadde ein bonde ekstra. Så dukka Nepomnjasjtsjij opp, gjorde eit bondetrekk og pilte attende til kvilerommet.

Nepomnjasjtsjij–Carlsen (parti 9, svart i trekket etter bukken til russaren)

Carlsen kunne ikkje tru det han såg. Han gjorde den eine grimasen etter den andre. Han vrei seg i stolen. På internett gjekk kommentatorane av skaftet. Verdsklassespelaren Anish Giri, med russisk mor, var hysterisk: «Jan har mist forstanden. Dette er galskap.» Viswanathan Anand sa det meir høvisk: «Dette er berre trist.» Carlsen riste på hovudet og fanga lauparen til Nepomnjasjtsjij. Etter svarts bondetrekk til c6 vil dei svarte tårna snart omringa lauparen på b7.

Det tok over 10 minutt før russaren kom attende til brettet. Det er dei tyngste minutta i moderne russisk sjakkhistorie. Ein upassande vits spreidde seg snøgt på internett: Karjakin rapporterte til Putin at om russarane skulle få attende sjakktrona, ville det vore enklare å annektera Noreg.

Det tiande partiet

Partiet med Carlsen som kvit vart ein formalitet: ein keisam remis etter 41 trekk. Carlsen treng no berre to remisar på dei siste fire partia for å vinna VM-kampen. I dag, i det 11. partiet, vil Nepomnjasjtsjij freista vinna med kvit, om ikkje anna for å kunne dra heim til sjakk-Russland med litt ære (åtte millionar kroner får han kor som er av sjeikane i Dubai). Problemet til russaren når han freistar vinna, er at Carlsen ventar på han og den neste bukken. Verdsmeisterskapen kan vera over alt i kveld.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Verdsmeisteren hadde vunne sitt fyrste klassiske VM-parti
på fem år, etter 19 remisar på rad gjennom tre VM-kampar
i 2016, 2018 og 2021.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis