Sjakk
Eit historisk resultat
Magnus Carlsen distanserte verdseliten fullstendig då han avslutta med tre strake sigrar i Sjamkir.
Magnus Carlsen let seg heller ikkje stoppa på fotballbanen på fridagen i Sjamkir.
Foto: Eteri Kublashvili
Det meste er jo sagt om fenomenet Magnus Carlsen (28), men spelet han synte fram i Aserbajdsjan, gjer det naturleg å tenkja over kva han har gjort på sjakkbrettet dei siste ti åra. «Lever vi i Carlsen-epoken i sjakkhistoria?» spurde ein aserbajdsjanar på ein av presskonferansane. «Ja, det har vi vel gjort lenge», smilte Carlsen.
Stopp pressa!
Det aller beste turneringsresultatet hans kom alt for ti år sidan, i 2009 i Nanjing i Kina. Få dagar etter turneringa den gongen, med 8 av 10 poeng og ein ratingprestasjon på 3002, small bomba: Den unge nordmannen (18) hadde byrja trena systematisk med legendariske Garri Kasparov. Det var eit nyhende som vekte den svevntunge sjakkverda som hadde vore nærast apatisk etter at Kasparov la opp i 2005.
Carlsen var med eitt den beste spelaren i verda, men han ville ikkje ta del i VM-kvalifiseringa i 2011. Likevel var han no så god at Dag og Tid i mai 2011 byrja skriva fast om alle turneringane hans. «Me må gjera noko med denne Carlsen som alle pratar om», sa redaktør Gjerdåker då eg møtte han utanfor matbutikken. Carlsen følgde opp med ratingprestasjonen 2994 i turneringa i London i 2012. I 2013 vart han endeleg verdsmeister, 22 år gamal.
Årets resultat i Sjamkir er det beste han har hatt som verdsmeister, ein ratingprestasjon på 2988. Kvaliteten på spelet er, som Carlsen sjølv seier, høgare enn nokon gong. Motstandarane vert betre for kvart år, då sjakk er eit matematisk endeleg spel der kunnskapen heile tida vert akkumulert. Å vinna dag etter dag mot verdseliten, slik Fischer, Karpov og Kasparov kunne gjera på sitt beste, er nesten umogleg i vår tid når all kunnskapen berre er nokre tastetrykk unna. Det vanlege i toppsjakken – som i VM-kampen mot Fabiano Caruana – er jo ikkje siger etter siger, men remis etter remis.
I stilla
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.