Sjakk

Dei gamle er eldst

Verdsmeisteren sette ungdomen på plass då han gjekk frå sju remisar på rad til tre kraftfulle sigrar i Wijk aan Zee.

Alireza Firouzja signaliserte full kamp alt i trekk 4. Det var det siste aktive trekket frå ungguten i runde 9. Carlsen dominerte over heile brettet.
Alireza Firouzja signaliserte full kamp alt i trekk 4. Det var det siste aktive trekket frå ungguten i runde 9. Carlsen dominerte over heile brettet.
Publisert

Det var keisamt å følgja spelet til Magnus Carlsen (29) den fyrste veka på favorittplassen hans, den vesle nederlands­ke kystlandsbyen ut mot Nordsjøen, der han har vunne turneringa heile sju gonger tidlegare. Carlsen vann ikkje noko parti dei fyrste sju rundane, men det var måten han spela remis på, som uroa mest. Han hadde ikkje initiativet ein einaste gong. Idétørken var total.

I dei tre fyrste kvitpartia, til dømes mot sekundanten og venen Daniil Dubov (23) frå Russland, stod han litt dårlegare etter opninga før han berga remisen. I eit par av svartpartia var han i stor tapsfare før han der òg berga remisen.

I kulissene

Eit illustrerande døme på problema til Carlsen var oppgjeret med svart mot den unge nederlendaren Jorden van Forest (20). Duellen byrja alt i kulissene: Sekundanten til van Forest er nordmannen Johan-Sebastian Christiansen (21), klubbkamerat av Carlsen i SK Offerspill. Christiansen gav den nederlandske arbeidsgjevaren sin ein ny, spanande idé i prøyssisk kongebondeopning. Og før verdsmeisteren fekk summa seg, stod han til tap. Etter partiet kunne ein annan norsk toppspelar, Jon Ludvig Hammer, dokumentera at han hadde tipsa Christiansen om denne ideen for eit halvt år sidan i ein meldingstråd. Kor som er, Carlsen hadde ingen idé om kva han skulle gjera, men måtte nytta hovudet så godt han kunne. Det heldt med naud og neppe til remis.

Det morosame med turneringa i Nederland er alle dei unge, idérike spelarane som vert inviterte i staden for dei gamle travarane. Ein av dei skapte overskrifter den fyrste veka: Alireza Firouzja (16), den statslause iranaren som no spelar under FIDE-flagg. Ungguten har alt som skal til. Han er dynamisk og fryktlaus, som då han vann dei fire fyrste partia med kvit i Wijk aan Zee. Han fekk rett nok eit tap med svart mot Wesley So, men låg likevel i leiing etter åtte rundar, eit heilt poeng føre Carlsen.

Mozart og Hulken

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement