JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkFeature

Dei fell på flatmark

Magnus Carlsen (27) gjorde alt rett i dei fyrste tre partia og så alt gale i dei neste fire.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carlsen fekk det fyrste tapet sitt mot So nokon gong i runde 6. Og det var heilt fortent.

Foto: Lennart Ootes

5010
20180608

Altibox Norway Chess Stavanger, 28. mai–7. juni 2018

Ni spelarar (alle mot alle)

Stillinga etter 7 av 8 parti:

1. Carlsen, Noreg 4

Caruana, USA 4

Nakamura, USA 4

So, USA 4

5. Anand, India 3,5

Aronjan, Armenia 3,5

7. Karjakin, Russland 3

Mamedjarov, Aserbajdsjan 3

9. Vachier-Lagrave, Frankrike 2,5 10. Ding Liren, Kina

Magnus Carlsen
runde for runde

4. runde: Nakamura–Carlsen O–O

5. runde: Carlsen–Anand O–O

6. runde: So–Carlsen 1–0

7. runde: Carlsen–Ding Liren

8. runde: Carlsen–Mamedjarov O–O

9. runde: Vachier-Lagrave–Carlsen ?–?

Berre éin gong dei siste fem åra har Carlsen vunne på heimebane i Norway Chess, medan han to gonger har vore nummer to bak ein Sergej Karjakin i form. I turneringa i år er ingen i form etter at Carlsen fekk det for seg at han kunne vinna ved å krabba til mål. Fasiten éin runde før slutt er at feltet samlar seg i midten. Det gjer om ikkje anna at turneringa er spanande til siste trekk.

Og så var dei ni …

Lat oss byrja bakfrå med Ding Liren (25), rangert som nummer fire i verda. Kinesaren har spela heile 75 parti på rad mot verds­eliten utan tap. Han byrja solid i Stavanger òg med tre remisar. På fridagen vann han endeleg – men det var ein kokkekonkurranse i lag med Vishy Anand (48). Den indiske veteranen var den einaste av dei ti sjakkmeistrane som ikkje fekk minuspoeng for sausen. Han sat som eit skot. Ding Liren hakka grønsaker og smilte tappert, men tidlegare på dagen hadde han falle på flatmark under ein sykkeltur. Seinare vart det konstatert brot i hoftebeinet, og han vart lagd inn på sjukehus. Dei tre partia til Ding Liren vart annullerte, og framtidige motstandarar fekk ein ekstra fridag.

Den nye situasjonen skapa ubalanse i rekneskapet der nokre spelarar hadde ein fridag til gode. Det gjorde ikkje situasjonen betre at alle tok poeng frå alle, slik at ingen lenger visste kven som var i leiinga. Alle trudde det var Carlsen, men ein dag sat han i TV-studio som programleiar. Det var visst fridagen hans mot Ding Liren, og han ville styra showet sjølv.

Skandalar og nerdeprat

Carlsen sa eit par interessante ting for oss sjakknerdar. Han skulda Sergej Karjakin (28) og aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov (33) for å ha «fiksa» remispartiet sitt. Dei skal ha diskutert alle trekka saman på førehand. Slikt er under norsk moralsk standard anno 2018, meir som norsk høgdehus anno 1998. Norske aviser slo sjakkskandalen stort opp, men litt av lufta gjekk ut av ballongen då Mamedjarov roleg stadfesta det Carlsen hadde sagt. «Ja, når venen min og eg ikkje vil spela mot kvarandre, tek vi berre remis. Logisk, ikkje sant?» Karjakin har ikkje svara på skuldingane, men tapte brutalt mot amerikanaren Hikaru Nakamura (30) dagen etter at miniskandalen vart kjend.

Diverre har ingen funne eit system som kan hindra to frie sjeler frå å spela remis om båe ynskjer dette. Det er visst berre Carlsen og amerikanaren Bobby Fischer som aldri har drive med slikt – kven tør koma til Carlsen før partiet med ein ferdig trekkserie som endar i remis?

Det neste Carlsen sa, handla om Vishy Anand, som han jo slo i to VM-kampar i 2013 og 2014. «Anand forstår mykje meir sjakk enn folk trur. Eg fekk enorm vyrdnad for han då vi trena saman mellom 2007 og 2010. Aldri har eg kjent meg så liten som under treningspartia eg spela mot Anand.» Anand svara på lovorda med å vinna partiet i runde 7. Indaren var då i delt leiing med Carlsen. Men så tapte Anand i runde 8 mot den neste VM-utfordraren, Fabiano Caruana (25), som dermed tok over leiinga (sjølvsagt saman med Carlsen, han er jo alltid der).

Sjakkpsykologi

Kvifor kunne ikkje Carlsen berre vinna turneringa enkelt etter den gode starten i førre veke? Dette er sjakkpsykologi. Carlsen likar best å koma bakfrå, no måtte han vakta på leiinga si. Handa hans byrja spela passivt med ei rad keisame remisar som resultat. Rett nok var han framleis stor i kjeften og minte motstandaren Wesley So (24) om dei 12 tidlegare oppgjera deira før dei skulle møtast i Stavanger: «So har aldri makta setja meg på noka prøve. Eg kan alltid ta remis mot han om eg vil.» Carlsen gløymde å seia «bank i bordet» for slike ting seier ein ikkje ustraffa, korkje i sjakken eller livet.

So–Carlsen, sluttstillinga.

Kvit går i neste trekk med fribonden til c7 og tårnet til b8. Svart, altså Carlsen, kan ikkje anda i denne stillinga. Carlsen fekk dermed det fyrste tapet sitt mot So nokon gong. Og det var heilt fortent. «So spela eit imponerande godt parti», sa ein meir audmjuk verdsmeister etterpå.

Etter åtte av ni rundar (men berre sju parti) har ingen av spelarane meir enn «pluss éin». Dette er sjakksjargong og tyder at ein har vunne eitt parti meir enn ein har tapt. I leiinga kjempar Carlsen mot tre amerikanarar, alle med fire av sju poeng: Caruana, Nakamura og So. Siste runde vart spela torsdag ettermiddag, men om det går til omspel med fire mann, kan det henda at avgjerda kjem fyrst på fredag.

Atle Grønn

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis