Carlsen og geita
Vi ser no den beste serien av sjakktrekk nokon gong frå menneskehand. Magnus Carlsen vann alle partia i Baden-Baden.
Med dei fire sigrane i Baden-Baden har verdsmeisteren no spela 59 parti på rad utan tap i klassisk sjakk.
Foto: Grenke Chess Classic/EVR
Grenke Chess Classic. Karlsruhe og Baden-Baden. 20. april–29. april 2019.
10 spelarar (alle mot alle).
6. runde: Meier – Carlsen 0–1
7. runde: Carlsen – Aronjan 1–0
8. runde: Svidler – Carlsen 0–1
9. runde: Carlsen – Vachier-Lagrave 1–0
Sluttstillinga:
1 Carlsen, Noreg 7.5
2 Caruana, USA 6
3 Najditsj, Aserbajdsjan 5
Vachier-Lagrave, Frankrike 5
5 Anand, India 4.5
Aronjan, Armenia 4.5
Svidler, Russland 4.5
8 Vallejo Pons, Spania 4
9 Meier, Tyskland 2
Keymer, Tyskland 2

Sjakkverda er euforisk. Sjakkhistorikaren Olimpiu Urcan sa det slik: «Han er i Guds namn eit geni. Vi er privilegerte som lever i hans tid. Det er som å leva i renessansen i det 15. hundreåret og kunne sjå Leonardo da Vinci måla via livesendingar på internett.»
Men ein liten kommentar frå stormeister Emil Sutovskij gjorde mest inntrykk på meg: «GOAT? Possibly so.» Når det gjeld denne geita, må ein kjenna konteksten: Sutovskij voks opp som russisktalande jøde i Baku i Aserbajdsjan, nett som Garri Kasparov. Israelaren Sutovskij, som forgudar Kasparov, har positiv score mot (ein ung) Carlsen og har ofte vore kritisk til verdsmeisteren.
Men no vaklar òg Kasparov-fansen. GOAT er ei forkorting for «Greatest of all time», og det er der slaget no står. Før verdsmeisterskapen i London i 2018 hadde eg, som dei fleste i sjakkverda, Carlsen på plassen bak Kasparov, geniet som var verdsmeister i 15 år og verdseinar i 20. Dataanalysar har lenge synt oss at nivået på trekka til Carlsen objektiv sett er høgare enn hos Kasparov, men den eksplosive krafta til russaren var unik, trudde vi. Kasparov vann fleire parti enn Carlsen, russaren spela færre remisar. Forklåringa har vore at det nesten er umogleg å vinna klassiske sjakkparti på toppnivå no i dataalderen.
Umogleg og mogleg
Eller er det ikkje umogleg likevel?
Eg møtte Henrik Carlsen i Nordmarka i vinter, ikkje langt frå huset sonen kjøpte til foreldra i Holmenkollen. «Det ser bra ut framover», sa far Carlsen, før han heldt fram: «Dette må du ikkje skriva, men …». Det han fortalde, var ikkje revolusjonerande, eg hugsar eigenleg ikkje kva forklåringa på optimismen hans var, men ho var ikkje knytt til kunstig intelligens eller implementering av ein chip under huda på guten.
Så til partia, kvar skal vi byrja? Eg trur aldri eg har skrive ein artikkel om Carlsen der han har vunne alle (!) partia, utan ein einaste remis. Halvveges i den tyske sjakksoga drog spelarane og publikum frå Karlsruhe til Baden-Baden. Verdsmeisteren var trøytt etter å ha spela 6–7 timar kvar dag, og det fyrste partiet i Baden-Baden vart òg eit slit.
Men til slutt gav tyskaren opp med kongen midt på brettet:
Meier–Carlsen, runde 6. Sluttstillinga med kvit i trekket.
Svart trugar ein sjakk på f3 med springaren eller e2 med dronninga. Carlsen hadde no ei klår leiing i turneringa, men var ikkje heilt nøgd med nivået på spelet sitt: «Det er vanskeleg å spela mot ein tyskar som ikkje er i verdseliten. Eg likar betre å spela mot dei eg kjenner.» I dei tre siste rundane fekk han det som han ville, då han møtte tre verdsklassespelarar frå sitt eige miljø.
Kvitpartiet i runde 7 mot armenaren Levon Aronjan, som i fleire år var nummer to i verda etter Carlsen, var ei perle frå fyrste til siste trekk. Carlsen spela i det 10. trekket ein spektakulær ny idé som han hadde førebudd til VM-kampen mot Caruana, men ikkje hadde fått synt fram før no.
Aronjan valde ei trygg oppstilling, og partiet roa seg ned i midtspelet. Det var no Carlsen, i snøgt tempo, kom opp med den eine subtile manøveren etter den andre, trekk som dei andre i verdseliten – spelarar og kommentatorar – ikkje skjøna før verdsmeisteren seinare forklåra finessane på pressekonferansen. Aronjan ved brettet skjøna heller ikkje spelet til Carlsen og var sjanselaus.
Alt for publikum
Eg trudde ikkje Carlsen ville tapa med svart mot Peter Svidler, åtte gonger russisk meister. Rett nok hadde Svidler positiv score mot Carlsen (to sigrar, eitt tap og mange remisar), men Carlsen hadde ikkje tapt eit klassisk sjakkparti sidan sumaren 2018 og burde vel halda remis utan store problem. Eg hadde ikkje tenkt på følgjande scenario: Carlsen spela snøgt og aktivt med svart, vann ein bonde, ofra attende to bønder og gjekk direkte til åtak på den kvite kongen. Oppvisinga var så imponerande at russaren med eit smil om munnen lét Carlsen få setja han sjakk matt med ein bonde:
Svidler–Carlsen, runde 8. Sjakk matt.
Det er fagert, ikkje sant? Publikum var i ekstase – og mange sende òg ein takk til Svidler, som skjøna den vesle rolla han spela i den større sjakkhistoria denne kvelden i Baden-Baden.
Eit verdig punktum
Med tre sigrar på rad kunne Carlsen seia seg meir enn nøgd med ein snøgg remis med kvit i siste runde mot franskmannen Maxime Vachier-Lagrave, nummer 5 i ratinghierarkiet. Konkurrenten Caruana tok remis mot Aronjan etter berre ein time, men Carlsen ville spela. I midtspelet rekna han ein lang variant. Han gjorde ikkje fyrstetrekket til datamaskinen – han har jo ikkje nokon chip – men han fann noko som i praktisk spel var mykje meir effektivt: Ein lang sekvens gav eit dronningsluttspel med bonde over, der franskmannen miste alt motet og tapte snøgt.
Med dei fire sigrane i Baden-Baden har verdsmeisteren no spela 59 parti på rad utan tap i klassisk sjakk. Om ein samanliknar med langdistanse på skeiser, ligg Carlsen om lag ein halv runde føre Caruana på 2. plass på ratinglista (2819/2875 ˜ 9800/10000) og ein heil runde (400 meter!) føre Nakamura på 10. plass (2760/2875 = 9600/10000).
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

GOAT er ei forkorting for «Greatest of all time».
Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»