Reportasje

Sienas hjarte

SIENA: Då Ambrogio Lorenzetti i 1338 sette seg føre å skildra skilnaden på ein velstyrt og ein vanstyrt by, skapte han Italias viktigaste syklus av verdslege måleri frå mellomalderen.

Rådhuset, «Palazzo Pubblico» (ca. 1300), blei ikkje laga for å forsvara makta fysisk, men for å symbolisera makta. Fasaden utstrålar ein harmoni få mellomalderbygningar kan måla seg med.
Rådhuset, «Palazzo Pubblico» (ca. 1300), blei ikkje laga for å forsvara makta fysisk, men for å symbolisera makta. Fasaden utstrålar ein harmoni få mellomalderbygningar kan måla seg med.
Publisert Sist oppdatert

Cor magis tibi Sena pandit – «Siena opnar hjartet sitt vidare for deg (enn denne porten)», står det på bogerelieffet over Porta Camollia, den nordlegaste byporten i festningsmurane. Kjem ein til byen med tog, slik eg gjorde, er det her ein stig inn – i mellomalderen. For Siena er nemleg meir enn nokon annan italiensk by einskapleg prega av gotikken, den dominerande stilretninga i Sienas stordomstid på 1200- og 1300-talet. Med blømande tekstilproduksjon og bankverksemd hadde innlandsbyen slått seg opp som fri bystat, med rike landbruksområde og ei brei kyststripe under seg; verdas eldste eksisterande bank, Banca Monte dei Paschi di Siena (grunnlagd 1472), held framleis til i byen.

Grunnen til den stilistiske einskapen er fylgjande: Før stordomstida var det ikkje blitt reist romanske praktbygg av typen me kjenner frå til dømes Pisa og Firenze, i Siena. Og etter at svartedauden tvinga byen i kne i 1348, kom det ikkje i stand ambisiøse om- og utbyggingsprosjekt i renessanse- eller barokkstil. I 1559 var det slutt på kommunetida. Firenze, erkerivalen gjennom fleire hundre år, sigra til sist, og byen kom under hertugdømet Toscana. Karakteristisk nok er ikkje talet på innbyggjarar her i dag stort større enn då Siena stod i senit av makta si for sju hundre år sidan.

Katarina av Siena

Kvifor er eg her? Ein stopp i Siena har i mange hundreår vore obligatorisk for Italia-reisande, både for dei som dyrkar heilagdomar og for dei som dyrkar kunst. Byen ligg langs den tusen år gamle pilegrimsruta Via Francigena, som gjekk frå Canterbury, gjennom Frankrike til Roma.

For pilegrimen er hovudattraksjonen den massive mursteinsbasilikaen San Domenico, som klorar seg fast over ei skråning mot bymuren i vest. Basilikaen hyser hovudskallen til byens største dotter: den taleføre mystikaren og kyrkjelæraren Katarina av Siena, som på 1370-talet overtalte pave Gregor XI til å flytta pavesetet attende til Roma frå Avignon. Saman med Frans av Assisi er ho Italias skytshelgen.

Den kunstreisande har mykje å velja mellom. Siena har den mest særmerkte rådhusplassen i landet, med eit rådhus som hyser Italias viktigaste syklus av verdslege måleri frå mellomalderen. På nasjonalgalleriet er meisterstykka frå den fargerike sienesiske skulen i målarkunsten stilte ut. Og så er det domkyrkja, som har den fyrste skulpturfasaden i Italia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement