Teknologi
Seier eit bilete meir enn tusen ord?
Det beste kunstverket mitt er no klart for Haustutstillinga. Mor og far ber den forskremde nyfødde kunstnaren til dåpen.
Illustrasjon: Per Thorvaldsen med hjelp av Stable Difussion
Nokre hendingar brenn seg fast i tid og rom. Kvar var du då Brå brakk staven? Eg var på pauserommet til teoretisk fysikk på Blindern. Det er likevel to andre hendingar som har sett djupare spor i det nevrale nettverket mitt. I 1995 såg eg internett for fyrste gong på digitallaboratoriet til Nera. Med nettlesaren Netscape og søkjemotoren AltaVista fekk me forvitne ei utømeleg kjelde til informasjon og kunnskap.
Den siste sjokkarta opplevinga kom førre tysdag då postdoktor Hunter Ratliff synte meg kva han hadde kasta bort to arbeidsdagar på i den vetle båsen sin. Med KI-programvare (kunstig intelligens) har han no vorte kunstnar. Han skriv nokre stutte setningar, og ut kjem dei flottaste illustrasjonar.
Det er ikkje lenger bruk for korkje kunstnarar eller fotografar. Eg kan illustrera mine eigne tekstar med bilete av mine eigne tekstar.
Det er no tre store aktørar innan KI-kunst, nemleg MidJourney, DALL-E 2 og Stable Diffusion. Den fyrstnemnde har spesialisert seg å laga vakre måleri à la fiduskunst, DALL-E 2 er den mest avanserte og lagar fin kunst og bilete, medan Stable Diffusion er open kjeldekode med rask forbetring av snøggleik, kvalitet og funksjonar. Stable Diffusion er særs god på kunstbilete og fotografi.
Eg opnar Dreamstudio.ai og er klar. Kva skal verta mitt fyrste meisterverk etter at eg har lese ein kort instruksjon om korleis ein skal forma teksten for å få best mogleg resultat?
Eg hugsar at kona mi alltid spurde meg om den eller den kvinna var vakker, når me såg film saman. Eg heldt klokleg kjeft, men no skriv eg utan blygsel: «Blyantteikning av Juliette Binoche», og kvar gong eg trykkjer på drøymeknappen, kjem ei ny teikning av skodespelaren eg er forgapt i, laga av meg og KI. Det vert kvalitetstid i heimen framfor datamaskinen, og eg tryllar fram kunst og foto i eit rasande tempo til prøvekontoen er tom og det må kastast på meir pengar. Dette var gildt, men korleis verkar denne programvara?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.