Kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget var i gang. Ein veritabel hær av politifolk, så mange at dei måtte husast i eit digert passasjerskip, kom og bar demonstrantane bort, klipte kjettingane deira og noterte namna for saftig bøtelegging.
Denne markante ulydnadsaksjonen gav oss alle ein vekkar – ikkje minst fordi makta sjølv, ved sjølvaste landsmoder fru Gro Harlem Brundtland, seinare vedgjekk at utbygginga ikkje var naudsynt. Nei, dei fleste overgrep av den typen er jo sjeldan naudsynte for anna enn å halde på majoritetens prestisje.
Sjølv ville eg gjerne dra oppover, men kunne ikkje på grunn av jobb, så mitt bidrag blei å levere flygeblad til folket i hovudstaden med oppmoding om å reise nord og protestere, og dette gjorde eg til dømes på Furuset T-banestasjon, der det nemnde folket var av di dei var på veg til eller frå jobb.
Det heile kjendest meiningslaust, men eg gjorde då litt meir enn ingenting, og det hjelpte ein smule å stille i samiske Lapikas-støvletter, Alta-jakkemerke, runde briller og grøn kordfløyelsanorakk. Anorakken var sjølvsagt med også då vi stod på Egertorget og song fleirstemde songar om Alta-kampen i det radikale blandakoret Oslo Ø: «Æ e ingen desperado, og slettes ingen helt, men det hende kanskje at æ e litt spydig!» Det heitte tidlegare Rødt Kor, men ved eit trylleslag vedtok maoistpartiet at alle raude kor skulle skifte namn samstundes – sikkert for å utmanøvrere overvakingspolitiet.
Sjølv var eg ikkje det minste interessert i maoismen, som mange andre var eg luta lei av dei aggressive masekoppane, men eg ville gjerne synge i kor, og repertoaret var det ingenting å seie på. Lat meg òg nemne mitt utspekulerte påverknadsarbeid overfor innanlands flypassasjerar, då kjærasten og eg skreiv «La elva leve» i snøen på vidda, i tretti meter høge blokkbokstavar, med langrennsskiene våre. Men det hjelpte altså ikkje.
Mange år seinare kom sjansen til å oppleve Sápmi likevel. Turen gjekk til Karasjok, nærare bestemt Rypa Pub, der det skulle underhaldast. Mottakinga var storslått og eventyrleg: Vi blei inviterte i samebryllaup og paraderte etter vigsla gjennom byen saman med ikkje mindre enn fire hundre kuftekledde. Sånt gløymer ein ikkje så lett – heller ikkje snøscooterturen oppover elva i strålande solskin, eller å stå på ski bak eit viltert reinsdyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.