Reportasje

Sansane i Baskarland

Av alle sansane er det smaken som får dei største opplevingane i San Sebastian.

Ernest Hemingway og kona Pauline på Concha-stranda i San Sebastian. Om lag hundre år skil bileta i kollasjen.
Ernest Hemingway og kona Pauline på Concha-stranda i San Sebastian. Om lag hundre år skil bileta i kollasjen.
Publisert Sist oppdatert

«Eg var ferdig med fiesta for ei stund. I San Sebastian ville det vera roleg. Sesongen der opnar ikkje før i august. Eg kunne fått eit fint hotellrom, lese og sumt.»

I Ernest Hemingways debut, nøkkelromanen The Sun Also Rises frå 1926, dreg ein brokete gjeng frå Paris til Pamplona for å sjå tyrefekting og ha ein sju dagar lang fiesta. Dei drikk med den eine handa, et med den andre og syg inn den baskiske kulturen med alle sansane.

Romanen er tidlaus, karakterane levande, unge menneske med kunstnariske ambisjonar, som, desillusjonerte av den storpolitiske røynda, prøver å finna meining i seg sjølve og kvarandre, i eit anna land. Som epigrafen, signert Gertrude Stein, seier: Dei er alle ein tapt generasjon.

Utgåva eg har med i reiseveska, er utstyrt med foto av Hemingway i Baskarland og billettstubbar frå tyrefekting, datert juli 1924. Sjølv fiskelisensen frå Iratielva, der karakterane Jake og Bill tømmer flasker og fiskar aure, er med. Her er òg ein avisnotis med tittelen «Okse stangar to amerikanarar i ringen»; dei to er Hemingway og kameraten.

Desse bileta tydeleggjer Hemingways Baskarland for meg. Etter ei hektisk veke i Pamplona reiste han til San Sebastian i juli 1924.

På månaden hundre år etterpå, etter hektiske feriedagar i Barcelona, gjer eg det same.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement