Reportasje

Samisknorrøn vikingtid

ØVRE RENDAL: Etter 20 år med fangstforsking i heimtraktene er Per Olav Mathiesen viss på at det i vikingtida var samisknorrønt samkvem i Østerdalen.

– Rikdom frå villreinfangst i vikingtida gjorde Øvre Rendal til eit maktsentrum med dei største gravhaugane i Østerdalen, fortel Per Olav Mathiesen.
– Rikdom frå villreinfangst i vikingtida gjorde Øvre Rendal til eit maktsentrum med dei største gravhaugane i Østerdalen, fortel Per Olav Mathiesen.
Publisert

Runebommehammaren frå Øvre Rendal er i seg sjølv verd ei ferd til Østerdalen. Rett nok finst han ikkje der no, han er på Kulturhistorisk museum i Oslo, men på funnstaden gjev forskaren liv til eit større historisk bilete.

Trolldomstrommestikka

I ei søppeldynge like ved Bergset i Øvre Rendal – administrasjonssentrum i Rendalen kommune – fann ein i 1939 ein kring 10 centimeter lang beingjenstand, på sørsamisk kalla vietjere. Den norske nemninga, runebommehammar, tyder «trolldoms­trommestikke»: Å runa er å utføra løyndomar og magi, som å rista runer. Ei bomme er norrønt for ei tromme. Og ein hammar er til å slå på tromma med.

Kva er spesielt med runebommehammaren frå dynga i Østagrenda, litt aust for Bergset?

Éin: Han er uvanleg gamal, laga av horn frå eit reinsdyr som levde ein gong for kring 800 år sidan, mellom 1160 og 1260.

To: Han er funne uvanleg langt sør, i Rendalen. Så seint som i 1990-åra meinte forskarar at det fyrst på 1600-talet fanst samar sør for Trondheim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement