Historie

Sakharovs visjonar

Andrej Sakharovs hadde ei ukueleg tru på at dei politiske systema ikkje ville kunne kue trongen til fridom. 21. mai var det hundre år sidan han vart fødd.

Andrej Sakharov kjem med tog frå Gorkij til Moskva i desember 1986, etter nær sju år i indre eksil.
Andrej Sakharov kjem med tog frå Gorkij til Moskva i desember 1986, etter nær sju år i indre eksil.
Publisert

Det var i juni 1968. Atomfysikaren og dissidenten Andrej Sakharov, den gong 47 år gammal, sette punktum for pamfletten, som kom på norsk året etter med tittelen Manifest om fremskritt, sameksistens og åndsfrihet.

Før dette hadde han prøvd å få publisert det han kalla ein framsynt artikkel om «dei intellektuelle og ansvaret for å unngå ein termonukleær krig», i avisa Literaturnaja gazeta. Sovjetunionens sentralkomité gav ikkje løyve til å trykkja artikkelen, men Sakharov gauv laus på ein ny tekst, som skulle bli noko av det mest tonegivande som vart skrive i Sovjetunionen på denne tida.

Dei første linjene frå pamfletten er dystre: «Den djupe usemja til menneskja trugar all eksistens og alt liv», skreiv Sakharov: «Sivilisasjonen slik me kjenner han, er truga av ein total termonukleær krig, svoltkatastrofar som rammar størstedelen av menneskja, fordummande massekultur og byråkratisk dogmatisme, spreiing av mytar som kastar heile folkeslag og kontinent inn i armane på brutale og feige demagogar.»

Blant dei meir presise observasjonane pamfletten blinka ut, var ikkje berre nasjonalisme, demagogi, militarisme og diktatur. Fysikaren meinte òg at verda stod overfor eit geohygienisk problem: «bruken av antibiotika kan skapa nye mikrobar som ikkje vil la seg kjempa mot med antibiotika», skreiv han. Året var 1968.

Var dette, for å sitera Sakharov sjølv, overdrivne framsyningar? I lys av ettertida, og når me veit at ein seinare fredsprisvinnar, Mikhail Gorbatsjov, skulle ta opp mykje av tankegodset hans, kan ein meina at Sakharovs framsyningar medverka til å endra kursen for det globale rustingskappløpet. Sovjetunionens siste generalsekretær og president byrja ein omfattande reformprosess, som førte Sakharov ut av indre eksil og tilbake på talarstolen i Gorbatsjovs nyvalde sovjetiske parlament, folkekongressen.

Der heldt Sakharov fram med å krevja meir radikale reformer, mellom dei ein slutt på maktmonopolet til det sovjetiske kommunistpartiet. Den djupe usemja iSakharov snakka om, vart ei indre usemje. Sakharov sjølv døydde i 1989, men endringane var ikkje til å stogga. I desember 1991 gjekk sovjetstaten i oppløysing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement