Russarane må få ordre om å vere frie
Forfattar Ljudmila Ulitskaja skriv ned tankane sine om fridom.
Matrjosjka-dokker til sals på gata i Moskva med russiske og sovjetiske leiarar, frå venstre Vladimir Putin, Boris Jeltsin, Mikhail Gorbatsjov og Leonid Bresjnev.
Foto: Dmitrij Lovetskij / NTB
Ei gamal kinesisk forbanning lyder: «Gud gje du må leve i ei tid med endringar.» Tida no er nett det. Eg meiner at dei endringane som i dag går føre seg både i det ytre livet og i medvitet til mennesket, er større enn nokon gong før.
Eg innser klårt at halve verda, folk som i dag kjenner fortviling, hat og gru, som sit ved ei grense i von om å bli redda av andre, og dei som sit i skyttargravene eller i løynde tilfluktsrom og set saman sprengladningar, ikkje tenkjer slik, men den tida og den plassen som eg har fått leve i, den lagnaden eg har fått tildelt av den ukjende papegøyen til ein ukjend lirekassemann, er ufatteleg interessant nettopp takk vere dei endringane eg har kunna observere gjennom 70 år.
Eg kan ikkje seie at eg er eit typisk fritt menneske. Men livet mitt har arta seg slik at eg har kunna følgje ein veg til aukande fridom – både i det ytre og i det indre. Det er særskilt vanskeleg å snakke om dette i dag, når den kolossale og altomfattande krisa som har verda i sine klør, først og fremst er ei omgrepskrise. På ein måte står vi nok ein gong til knes i ruinane av Babels tårn.
Djupna av manglande forståing er ein avgrunn, botnlaus, utan botn! Språket vi pla snakke, er tapt. Ingen forstår kvarandre. Orwell skreiv om dette – orda mister den opphavlege tydinga, og tydingane mister orda som nemner dei: Krig er fred, kjærleik er hat. «Så masse bukkstavar!» ropar den som har mista språket. I slike tider er fridom einstydande med brotsverk.
Eg har levd livet mitt i ei tid da eit fritt menneske var for ein galning å rekne, ein heilag narr, ein som tente på seg sjølv, eller rett og slett ein tosk. Å vere fri var det same som å vere ein forbrytar. Det var i tida for den kommunistiske totalitarismen.
Den kommunistiske totalitarismen tok slutt, ein annan har byrja, ein har enno ikkje funne ut kva det er rett å kalle han. Kloke lærde menneske vil komme til å skrive bøker, finne plass i Wikipedia til ein artikkel om «vår og dykkar fridom». Det var med dette slagordet ei ung kvinne med barnevogn gjekk ut på Den raude plassen i august 1968. Det var i dei dagane da Sovjetunionens frigjeringsarmé for andre gongen gjekk inn i Praha: Den første gongen kom han for å frigjere landet frå nazismen, den andre gongen var da tsjekkarane hadde byrja å røre litt på seg i von om å sleppe unna den fridomen som Sovjetunionen den gongen hadde bringa til Aust-Europa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.